LibreOffice 24.8 Hjelp
Set innstillingane for fullføring av ofte brukte ord medan du skriv.
Lagrar ofte brukte ord. Fyller automatisk ut resten av eit ord etter at du har skrive inn tre bokstavar som passar til dei tre første bokstavane i eit ord som er lagra.
Om du ikkje legg til eit punktum etter ordet, legg LibreOffice inn eit mellomrom. Mellomrommet vert lagt inn når du byrjar å skriva neste ord.
Viser det fullførte ordet som eit hjelpetips.
Legg dei ofte brukte orda til ei liste. For å fjerna eit ord frå «Fullføring av ord»lista, vel ordet og trykk Slett framlegg.
Når funksjonen er aktiv, vert lista tømd når du lukkar det gjeldande dokumentet. Når funksjonen er slått av, vert den gjeldande ordfullføringslista tilgjengeleg for andre dokument når du lukkar det gjeldande dokumentet. Lista er tilgjengeleg heilt til du går ut av LibreOffice.
Vel kva tast du vil bruka til å godta framlegget til den automatiske ordfullføringa.
Trykk «Esc» for å avbryta ordfullføringa.
Skriv inn minste ordlengd for at eit ord skal kunna fullførast automatisk.
Skriv inn kor mange ord som skal kunna lagrast i «Fullføring av ord»-lista.
Listar dei innsamla orda. Denne lista er gyldig til du lukker det gjeldande dokumentet. For å gjera lista tilgjengeleg for andre dokument i den gjeldande økta, deaktiver «Fjern orda som er samla frå dokumentet frå lista når du lukkar dokumentet».
Dersom innstillinga for automatisk stavekontroll slått på, er det berre dei orda som vert attkjende av stavekontrollen som vert lagra.
Fjernar det valde ordet eller orda frå ordfullføringslista.