LibreOffice 7.6 Hjelp
Set innstillingane for autoretting av hermeteikn og for språkavhengige innstillingar.
Vel om utbytingane skal skje medan du skriv [T] eller når du endrar eksisterande tekst [M].
Set inn eit hardt mellomrom før «;», «!», «?», «:» og «%» når språket er sett til fransk (Frankrike, Belgia, Monaco eller Sveits) og berre føre «:» når språket er sett til fransk (Canada).
Formaterer tekstdelen av ordenstal, som 1st, 2nd eller 3rd, som heva skrift. For eksempel vert 1st konvertert til 1st i engelsk.
Merk at dette gjeld berre for språk som kan formatera ordenstal som heva skrift.
Ord og tal vert transliterte til gammalungarsk viss tekstretninga er frå høgre til venstre og kompleks tekstutforming er brukt.
Byter automatisk ut doble mindre enn- og større enn-teikn med doble vinkelteikn « og » i mange språk. I sveitsisk fransk vert teikna bytte med enkle vinkelteikn ‹ og ›.
Set inn teikna som skal brukast i staden for enkle og doble hermeteikn (sitatteikn).
Byter automatisk standardsymbola for den oppgjevne hermeteikntypen med dei teikna du vel.
Vel spesialteiknet som skal erstatta det gjeldande opningssitatteiknet i dokumentet når du vel Verktøy → Autoretting → Bruk.
Vel spesialteiknet som skal erstatta det gjeldande sluttsitatteiknet i dokumentet når du vel Verktøy → Autoretting → Bruk.
Set sitatteikna tilbake til standardsymbola.