Unntak

Skriv inn kva forkortingar eller bokstavkombinasjonar du ikkje vil at LibreOffice skal retta automatisk.

Kva unntak du kan definera er avhengig av språkinnstillingane. Du kan endra desse innstillingane ved å velja eit anna språk i listeboksen Erstatningar og unntak for språket.

For å bruka denne funksjonen …

Vel fana Verktøy → Autoretting → Innstillingar for autoretting → Unntak


Erstatningar og unntak for språket:

Vel kva språk du vil laga eller endra utbytingsreglar for. LibreOffice søkjer først for unntak som er oppgjevne for språket der skrivemerket står, og etterpå for dei andre språka.

Forkortingar (ikkje stor bokstav etter punktum)

Skriv inn ei forkorting med punktum etter, og trykk Ny. Dette hindrar LibreOffice i å automatisk byrja ordet etter punktumet med stor forbokstav.

Listar opp forkortingar som ikkje skal erstattast automatisk. Du fjernar eit element frå lista ved å merkja det og trykkja Slett.

Ord som byrjar med TO STore BOkstavar

Skriv inn ordet eller forkortinga som byrjar med to store bokstavar som du ikkje vil at LibreOffice skal endra til å byrja med ein stor bokstav. Skriv for eksempel inn «PC» for å hindra LibreOffice i å endra det til «Pc».

Listar opp orda eller forkortingane som byrjar med to store bokstavar som ikkje automatisk vert retta på. Alle ord som byrjar med to store bokstavar er lista opp i dette feltet. Du fjernar eit ord frå lista ved å merkja det og trykkja Slett.

Ny

Legg til oppføringa i lista over unntak.

Slett

Slettar det valde elementet eller element utan å spørja om stadfesting.

Inkluder automatisk

Legg automatisk til forkortingar eller ord som byrjar med to store bokstavar til lista over unntak. Denne funksjonen verkar berre dersom Rett opp to STore FOrbokstavar eller Stor bokstav først i alle setningar er merkte av for i [T]-spalta i fanaInnstillingar i dette dialogvindauget.

Dialogknappar

Tilbakestill

Set dei endra verdiane tilbake til dei førre verdiane i fana.

Avbryt

Lukker dialogvindauget og avbryt alle endringar.

OK

Lagrar alle endringane og lukker dialogvindauget.

Støtt oss!