Byt ut

Rediger erstatningstabellen for automatisk retting eller erstatning av skrivefeil eller forkortingar i dokumentet.

For å bruka denne funksjonen …

D'oh! You found a bug (text/shared/00/00000406.xhp#autokoersetzung not found).


Erstatningar og unntak for språket:

Vel kva språk du vil laga eller endra utbytingsreglar for. LibreOffice søkjer først for unntak som er oppgjevne for språket der skrivemerket står, og etterpå for dei andre språka.

Erstatningstabell

Listar oppføringane for automatisk utbyting av ord, forkortingar eller delar av ord medan du skriv. Skriv inn tekst i Erstatt og Med-boksane og trykk Ny for å leggja til ei oppføring. Vel ei oppføring for å endra på ho og skriv inn endringa i Med-boksen og trykk på Erstatt. Dersom du vil sletta ei oppføring, kan du merkja ho og trykkja på Slett.

Du kan bruka autoretting for å ta i bruk eit bestemt teiknformat til eit ord, ei forkorting eller ein orddel. Merk den formaterte teksten i dokumentet, opna dette dialogvindauget, fjern krysset for Berre tekst og skriv inn teksten du vil erstatta i feltet Erstatt.

Byt ut

Skriv ordet, forkortinga eller orddelen du vil byta ut medan du skriv.

Sekvensen av jokerteikn .* kan samsvara med kva som helst før eller etter erstatningsstrengen. For eksempel:

Enter

Autoretting resultat

i18ns

Internasjonale

i18nization

internasjonalisering

i18nized

Internasjonalisert


tip

For å skriva inn klokkeslettverdiar med taltastaturet, bruk erstatningsmønsteret .*...* og : som erstatningstekst. No vert 10..30 automatisk bytt ut med 10:30.


Med:

Skriv inn erstatningsteksten, grafikkelementet, ramma eller OLE-objektet som du vil erstatta i teksten i Byt ut-boksen med. Viss du har merkt ein tekst, eit grafikkelement, ei ramme eller eit OLE-objekt, står dette alt i boksen.

Berre tekst

Lagrar oppføringa i Byt ut med-boksen utan formatering. Når erstatninga er gjort kjem teksten til å bruka same formatering som resten av dokumentet.

Ny

Legg til eller fjern ei oppføring i erstatningstabellen.

Slett

Slettar det valde elementet eller element utan å spørja om stadfesting.

Dialogknappar

Tilbakestill

Set dei endra verdiane tilbake til dei førre verdiane i fana.

Avbryt

Lukker dialogvindauget og avbryt alle endringar.

OK

Lagrar alle endringane og lukker dialogvindauget.

Støtt oss!