Innstillingar

Vel alternativa for automatisk retting av skrivefeil medan du skriv og trykk OK.

For å bruka denne funksjonen …

Vel fana Verktøy → Innstillingar for autoretting → Val.Vel fana Verktøy → Innstillingar for autoretting → Byt ut.Vel fana Verktøy → Innstillingar for autoretting → Unntak.Vel fana Verktøy → Innstillingar for autoretting → Lokaliserte val.


Erstatningstabell

Dersom du skriv inn ein bokstavkombinasjon som svarar til ein snarveg i erstatningstabellen, vert bokstavkombinasjonen byt ut med erstatningsteksten.

Rett opp to STore BOkstavar først i orda

Viss du skriv inn to store bokstavar først i eit «ORd», vil den andre store bokstaven automatisk verta erstatta med ein liten bokstav.

note

Det vert ikkje gjort retttingar i oppføringar som finst i ei gjeldande ordliste for stavekontroll.


Stor bokstav først i alle setningar.

Gjer at alle setningar byrjar med ein stor bokstav.

Automatisk *halvfeit*, /kursiv/, -gjennomstreka- og _understreka_

Legg automatisk til halvfeit, kursiv, gjennomstreking og understreking til tekst som er omslutta av stjerner (*), skråstrekar (/), bindestrekar (-) eller understreking (_). Desse teikna forsvinn når formateringa er lagt til.

Merknadsikon

Denne funksjonen verkar ikkje viss formateringsteikna * / - _ er sett inn med ein skrivemetode.


Adresse-gjenkjenning

Opprettar automatisk ei hyperlenkje når du skriv inn ei nettadresse.

Byt ut bindestrekar

Erstattar ein eller to bindestrekar med ein tankestrek (sjå tabellen under).

Tekst vert erstatta etter at du har skrive inn eit blankt teikn (mellomrom, tabulator eller linjeskift). I tabellen nedføre representerer A og B tekst som er sett saman av bokstavane A til z eller sifra 0 til 9.

Tekst som du skriv inn:

Resultatet du får:

A - B (A, mellomrom, minus, mellomrom, B)

A – B (A, mellomrom, tankestrek, mellomrom, B)

A -- B (A, mellomrom, minus, minus, mellomrom, B)

A – B (A, mellomrom, tankestrek, mellomrom, B)

A--B (A, minus, minus, B)

A—B (A, lang tankestrek, B)
(sjå notatet under tabellen)

N--N (N, minus, minus, N)

N–N (N, tankestrek, N)

A-B (A, minus, B)

A-B (uendra)

A -B (A, mellomrom, minus, B)

A -B (uendra)

A --B (A, mellomrom, minus, minus, B)

A –B (A, mellomrom, tankestrek, B)


note

Viss teksten har ungarsk eller finsk språk-attribut, vert to bindestrekar i sekvensen A--B erstatta med ein vanleg tankestrek i staden for ein lang tankestrek.


Ignorer doble mellomrom

Erstattar to eller fleire etterfølgjande mellomrom med eitt enkelt mellomrom.

Rett opp i feil bruk av tasten Caps Lock

Inverterer eit ord med store bokstavar skrive med tasten Caps Lock i bruk, etter at det er skrive eit mellomrom og du slår av tasten Caps Lock. Viss du for eksempel skriv Libre med tasten Caps Lock slått på, vert det vist som lIBRE, som automatisk vert konvertert til Libre.

Dialogknappar

Tilbakestill

Set dei endra verdiane tilbake til dei førre verdiane i fana.

Avbryt

Lukker dialogvindauget og avbryt alle endringar.

OK

Lagrar alle endringane og lukker dialogvindauget.

Støtt oss!