LibreOffice 25.2 Hjelp
Opnar fargeplukkarvindauget. Der kan velja kva fargar som skal erstatta andre i bilete og teikningar.
Du kan byta ut opp til fire forskjellige fargar på ei gong.
Fargelinje
Viser den fargen i det valde biletet som ligg rett under musepeikaren. Dette fungerar berre viss du har slått på fargeplukkaren.
Byt ut gjennomsiktige fargar i biletet med fargen du vel i Byt ut med-boksane.
Lister kjelde- og erstatningsfargar.
Kryss her for å byta ut kjeldefargen med fargen du vel i boksen Byt ut med.
Vis fargane du vil byta ut i biletet. Trykk her for å velja kjeldefarge, trykk på fargeplukkaren og deretter på ein farge i det valde biletet.
Vel toleransen for utbyting av fargane i biletet. Skriv inn ein låg verdi for å byta ut fargar som liknar den fargen du har valt. Skriv inn ein høgare verdi for å byta ut eit større fargespekter.
Listar opp dei tilgjengelege erstatningsfargane. Vel Format → Område og så fana Fargar for å endra fargelista.
Byter ut gjennomsiktige område i biletet med fargen du vel.
Vel kva farge som skal erstatta dei gjennomsiktige områda i biletet.