LibreOffice 25.2 Hjelp
Byt ut ordet med eit synonym eller eit relatert uttrykk.
Synonymordboka er ikkje tilgjengeleg for alle språk.
Viser det gjeldande ordet eller eit nærliggjande uttrykk som du har vald ved å dobbeltklikka på ei linje i lista over alternativ. Du kan også skrive inn eit ord direkte i dette feltet for å slå opp ordet i teksten.
Hentar inn tidlegare innhald i tekstfeltet «Gjeldande ord».
Klikk på ei oppføring i lista for å kopiera den relaterte termen til tekstboksen «Byt ut med». Dobbeltklikk på ei oppføring for å kopiera det relaterte omgrepet til tekstboksen «Gjeldande ord» og for å slå opp omgrepet.
Ordet eller orda i tekstboksen «Byt ut med» vert set inn i staden for det opphavlege ordet når du klikkar på knappen «Byt ut med». Du kan også skriva direkte i denne boksen.
Vel språk for synonymordboka. Du kan installera språk med synonymordbok frå nettsida Extensions.