Kinesisk konvertering

Konverterer den merkte kinesiske teksten frå eitt kinesisk teiknsystem til eit anna. Er ingen tekst merkt, vert heile dokumentet konvertert. Denne kommandoen er tilgjengeleg berre om du har slått på asiatisk språk i → Språk og nasjonale innstillingar → Generelt.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Verktøy → Språk → Kinesisk omsetjing. (Støtte for asiatiske språk må vera slått på)


Omgjeringsretning

Vel omgjeringsretninga.

Tradisjonell kinesisk til forenkla kinesisk

Omset tradisjonelle kinesiske teikn til forenkla kinesiske teikn. Trykk OK for å omsetja den valde teksten. Om du ikkje har vald nokon tekst, vert heile dokumentet omsett.

Forenkla kinesisk til tradisjonell kinesisk

Omset forenkla kinesiske teikn til tradisjonelle kinsesiske teikn. Trykk OK for å omsetja den valde teksten. Om du ikkje har valt nokon tekst, vert heile dokumentet omsett.

Felles termar

Felles termar er ord som tyder det same i tradisjonell og forenkla kinesisk, men som vert skrivne med ulike teikn.

Omset felles uttrykk

Omset ord på to eller fleire teikn som er med i lista over vanlege termar. Etter at lista er lesen, vert resten av teksten omsett teikn for teikn.

Rediger uttrykk

Opnar dialogvindauget Rediger ordbok der du kan redigera lista over omsetjingstermar.

Støtt oss!