LibreOffice 25.2 Hjelp
Kontrollerar dokumentet eller den merkte teksten for stavefeil. Viss det er installert utviding for grammatikkontroll, vert det også kontrollert for grammatiske feil.
Stavekontrollen byrjar ved markøren, og held fram til slutten av dokumentet eller den markerte teksten. Du kan då velja å halda fram med stavekontrollen frå byrjinga av dokumentet, eller å avslutta.
Stavekontrollen ser etter ord med stavefeil og let deg leggja eit ukjent ord til i ei brukarordliste. Når det første feilstava ordet vert funne, vert dialogvindauget Stavekontroll opna.
Stavefeil er understreka med raudt, grammatiske feil med blått.
Vel kva språk stavekontrollen skal sjekka i høve til.
Uthevar setninga med det feilstava ordet. Du kan endra ordet eller setninga eller velja eitt av framlegga i tekstboksen nedanfor.
Hoppar over det ukjende ordet og held fram stavekontrollen.
Denne knappen vert endra til Hald fram viss du let dialogvindauget for stavekontrollen vera ope medan du går tilbake til dokumentet. For å fortsetja stavekontrollen, trykk på Hald fram.
Held fram med stavekontrollen, men hoppar over alle førekomstar av det ukjende ordet i heile den gjeldande LibreOffice-økta.
Vert vist ved grammatiske feil. Trykk for å ignorera forslaget til grammatisk endring.
Legg det ukjende ordet til i den sjølvvalde ordlista.
Du kan leggja til ei ny ordbok ved å trykkja Innstillingar og deretter Ny. Etter at LibreOffice er opna på nytt, trykk Legg til i ordlista for å få fram fleire brukardefinerte ordbøker. Vel kva ordliste ordet skal leggjast inn i.
Lister forslag til ord som kan erstatta det feilstava ordet. Merk ordet du vil bruka og klikk på Rett eller Rett alle.
Byter ut det ukjende ordet med framlegget. Om du har endra meir enn berre det feilstava ordet, vert heile setninga bytt ut.
Byter ut alle førekomstar av det ukjende ordet med framlegget.
Slå på for først å arbeida med alle stavefeila og deretter med grammatiske feil.
Opnar eit dialogvindauge der du kan velja sjølvvalde ordbøker og setja opp reglane for stavekontrollen.
Trykk for å angra siste steget i stavekontrollen. Trykk ein gong til for å angra steget før og så vidare.