Fordel utval

Fordeler tre eller fleire objekt jamt langs den vassrette eller loddrette aksen. Du kan også fordela avstanden mellom objekta jamt.

For å bruka denne funksjonen …

Merk tre eller fleire objekt og

Vel Form → Fordel utvalet (LibreOffice Draw).

Opna sprettoppmenyen og vel Fordel utvalet (LibreOffice Impress).

Ikon Distributer

Fordel


Objekta er fordelte i høve til dei yttarste objekta i utvalet.

Opphavleg objektfordeling

Vassrett

Vel den vassrette fordelinga av dei merkte objekta.

Vassrett venstre

Fordeler dei merkte objekta jamt utover slik at den venstre kanten på kvart objekt er like langt frå kvarandre.

Objektfordeling vassrett venstre

Vassrett i midten

Fordeler dei merkte objekta jamt utover slik at dei vassrette midtpunkta til kvart objekt er like langt frå kvarandre.

Objektfordeling vassrett midten

Vassrett avstand

Fordeler dei merkte objekta vassrett slik at avstandane mellom kvart objekt er like lange.

Objektfordeling vassrett jamt fordelt

Vassrett høgre

Fordeler dei valde objekta jamt utover slik at dei høgre kantane på kvart objekt er like langt frå kvarandre.

Objektfordeling vassrett høgre

Loddrett

Vel den loddrette fordelinga av dei valde objekta.

Loddrett øvst

Fordeler dei valde objekta jamt utover slik at dei øvre kantane på kvart objekt er like langt frå kvarandre.

Fordel objekta loddrett øvst

Loddrett i midten

Fordeler dei valde objekta slik at dei loddrette midtlinjene til kvart objekt er like langt frå kvarandre.

Fordel objekta loddrett midten

Loddrett avstand

Fordeler dei merkte objekta loddrett slik at mellomromma mellom kvart objekt er like store.

Objektfordeling vassrett med jamne mellomrom

Loddrett nedst

Fordeler dei merkte objekta slik at dei nedre kantane på kvart objekt er like langt frå kvarandre.

Objektfordeling loddrett nedst

Støtt oss!