Set skuggen og skuggeinnstillingane for det merkte 3D-objektet.
Skuggeleggjing
For å bruka denne funksjonen …
Opna lokalmenyen (høgreklikk) for 3D-objektet og vel fana Format → 3D-effektar → Skuggelegging
Skuggeleggjing
Vel skuggetypen som skal brukast på det valde 3D-objektet.
Modus
Vel kva for skuggelegging du vil bruka. Flat skugge gjer kvar enkelt mangekant på overflata einsfarga «Gouraud-skuggelegging» avstemmer fargane over mangekantane. «Phong skuggelegging» gjev eit omtrentleg gjennomsnitt av fargen på kvar piksel ut frå pikslane omkring og treng mest prosessorkraft.
Skugge
Legg til eller fjernar ein skugge frå det valde 3D-objektet.
3D-skuggelegging på/av
Overflatevinkel
Skriv inn ein vinkel mellom 0 og 90 grader for skuggekastinga.
Kamera
Vel innstillingane for det valde 3D-objektet.
Avstand
Vel avstanden mellom kameraet og midten av det valde objektet.
Brennvidde
Skriv inn brennvidda for kameraet. Ein liten verdi svarar til eit «fiskeauge-objektiv» og ein stor verdi til eit teleobjektiv.
Bruk
Trykk her for å bruka innstillingane i dialogvindauget i det valde objektet.
Bruk
Oppdater
Trykk her for å visa alle eigenskapane til det merkte objektet i dialogvindauget.
Oppdater
Førehandsvis felt
Viser ei førehandsvising av det gjeldande utvalet.
Gjer om til 3-D
Bruk dette ikonet for å omforma eit merkt 2D-objekt til eit 3D-objekt. Du kan også merkja fleire 2D-objekt og gjera dei om til eitt 3D-objekt. Skal du omforma grupperte 2D-objekt, må du først løysa opp gruppene.
Gjera om til 3-D
Gjer om til dreieobjekt
Trykk her for å gjera om eit 2D-objekt til eit dreieobjekt i 3D. Du ka også merkja fleire 2D-objekt og omforma dei til eitt enkelt dreieobjekt i 3D. Skal du omforma ei gruppe av 2D-objekt til 3D, må du først løysa opp gruppene.
Gjer om til dreieobjekt
Perspektiv på/av
Trykk her for å slå perspektivvisinga av eller på.