LibreOffice 25.2 Hjelp
Justerer forma på det valde 3D-objektet. Du kan berre endra forma til eit 3D-objekt som er laga ved å omforme eit 2D-objekt. Du omformar eit 2D-objekt ved å merkja objektet og høgreklikka på det og velja Gjer om → Til 3D eller Gjer om → Til 3D, dreieobjekt.
Geometri
Vel formeigenskapane for det valde 3D-objektet.
skriv inn kor mykje hjørna skal avrundast i det valde 3D-objektet.
Skriv inn verdien for kor mykje området på framsida skal aukast eller minkast på det valde 3D-objektet.
Skriv inn kor mange grader det valde 3D-rotasjonsobjektet skal roterast.
Skriv inn utdrivingsdjupne for det valde 3D-objektet. Dette valet er ikkje gyldig på roterte 3D-objekt.
Du kan endra talet på segment som skal brukast for å teikna eit 3D-roteringsobjekt.
Skriv inn kor mange vassrette segment som skal brukast i det valde 3d-rotasjonsobjektet.
Skriv inn kor mange loddrette element som skal brukast i det valde 3D-rotasjonsobjektet.
Let deg velja korleis 3D-overflata skal teiknast.
Teiknar 3D-overflata ut frå forma på objektet. For eksempel vert ei rund form teikna opp som ei sfærisk flate.
Objektbestemt
Teiknar 3D-overflata som mangekantar.
Flat
Teiknar ei glatt 32D-overflate.
Kuleforma
Inverterer lyskjelda.
Inverter normalane
Lyser opp objekta frå utsida og innsida. For å bruka bakgrunnsbelysning, trykk på denne knappen og deretter på knappen Snu normalane.
Tosidig lyssetjing
Lukkar 3D-forma som vart laga ved å bruka Gjer om → Til 3D på ei frihandslinje.
Doble linjer