3D-effektar

Bestemmer eigenskapane til 3D-objekt i dokumentet eller omformar eit 2D-objekt til 3D.

For å bruka denne funksjonen …

Ikon 3d-vindauge

3D-effektar


Geometri

Justerer forma på det valde 3D-objektet. Du kan berre endra forma til eit 3D-objekt som er laga ved å omforme eit 2D-objekt. Du omformar eit 2D-objekt ved å merkja objektet og høgreklikka på det og velja Gjer om → Til 3D eller Gjer om → Til 3D, dreieobjekt.

Ikon Geometri

Geometri

Skugge

Set skuggen og skuggeinnstillingane for det merkte 3D-objektet.

Ikon Skuggeleggjing

Skuggeleggjing

Lyssetjing

Bestem lyskjelda for det valde 3D-objektet.

Ikon lyssetjing

Lyssetjing

Teksturar

Her bestemmer du innstillingane for overflateteksturen for det valde 3D-objketet. Dette valet er tilgjengeleg etter at du har lagt ein overflatetekstur til objektet. Ein rask måte å leggja til overflatetekstur er å opna galleriet og halda nede Shift + og dra biletet til det valde 3D-objektet.

Ikon Teksturar

Teksturar

Material

Endrar fargeleggjinga av det valde 3D-objektet.

Ikon material

Materiale

Bruk

Trykk her for å bruka innstillingane i dialogvindauget i det valde objektet.

Ikon Bruk

Bruk

Oppdater

Trykk her for å visa alle eigenskapane til det merkte objektet i dialogvindauget.

Ikon Oppdater

Oppdater

Førehandsvis felt

Viser ei førehandsvising av det gjeldande utvalet.

Gjer om til 3-D

Bruk dette ikonet for å omforma eit merkt 2D-objekt til eit 3D-objekt. Du kan også merkja fleire 2D-objekt og gjera dei om til eitt 3D-objekt. Skal du omforma grupperte 2D-objekt, må du først løysa opp gruppene.

Ikon Omform til3-D

Gjera om til 3-D

Gjer om til dreieobjekt

Trykk her for å gjera om eit 2D-objekt til eit dreieobjekt i 3D. Du ka også merkja fleire 2D-objekt og omforma dei til eitt enkelt dreieobjekt i 3D. Skal du omforma ei gruppe av 2D-objekt til 3D, må du først løysa opp gruppene.

Ikon Gjer om til dreieobjekt

Gjer om til dreieobjekt

Perspektiv på/av

Trykk her for å slå perspektivvisinga av eller på.

Ikon Perspektiv på/av

Perspektiv på/av

Støtt oss!