Datakjelder

Denne bolken inneheld informasjon om utforsking og redigering av databasetabellar.

Databaseoversikt

Merknadsikon

Du kan ikkje bruka datakjeldeutforskaren på ein databasetabell som er opna i utformingsvising.


Datakjeldeutforskaren

Du finn kommandoar for datakjeldelesaren på Tabelldata og i sprettoppmenyar.

Velja datapostar

Trykk på radoverskrifta eller ei radoverskrift og bruk pil opp- og pil ned-tastane for å velja ein post i ein databasetabell.

Tabellen viser korleis du vel einskildelement i datakjeldeutforskaren:

Utval

Handling

Start opptak

Trykk på radoverskrifta.

Fleire datapostar eller fjerna ei markering

Hald nede Shift eller og trykk for å velja fleire filter.

Kolonne

Klikk på kolonneoverskrifta

Datafelt

Trykk i datafeltet

Heile sida

Trykk på radoverskrifta til kolonneoverskriftene


Verktøylinja «Tabelldata» (redigera databasetabellar)

Ikon

Let deg redigera, leggja til og sletta datapostar frå databasetabellen.

Klippe ut, kopiera og lime inn data

Du kan klippe ut, kopiera og lime inn tabellfelt i Datakjeldevisinga. Med datakjeldeutforskaren kan du også dra og sleppa tabellfelt, tekst og tal frå andre LibreOffice-filer.

Du kan ikkje dra og sleppa til «Ja/Nei»-, binære-, bilet-, eller telje-tabellfelt.

Merknadsikon

Dra og slepp verkar berre i Redigeringsmodus.


Tabelldatalinja

Bruk tabelldatalinja for å styra korleis dataa vert viste.

Navigering i datakjeldeutforskaren

Bruk verktøylinja for «Skjemanavigasjon» nedst i datakjeldeutforskaren for å flytta mellom dei ulike datapostane.

Første post

Ikon

Gå til den første posten i tabellen.

Førre post

Ikon

Gå til den førre posten i tabellen.

Datapostnummer

Skriv inn nummeret på posten du vil visa og trykk Enter.

Neste post

Ikon

Gå til den neste posten i tabellen.

Siste post

Ikon

Gå til den siste posten i tabellen.

Ny post

Ikon

Set inn ein ny post i tabellen. Du kan laga ein post ved å trykkja på asterisk-knappen (*) nedst i tabellvisinga. Då vert det lagt til ei tom rad sist i tabellen.

Talet på datapostar

Viser talet på datapostar. For eksempel indikerer «Datapost 7 av 9(2)» at to postar (2) er valde i ein tabell med 9 postar og at markøren er i post nummer 7.

Organisering av tabellar

For å få tilgang til kommandoane for formatering av tabellen, høgreklikk på ei kolonneoverskrift eller ei radoverskrift.

Tabellformat

Formater dei valde radene.

Radhøgd

Endra høgda på radene som er merkte av, eller berre der skrivemerket står.

Slett rader

Slett det valde namnerommet.

Kolonneformat

Formater dei valde kolonnane.

Kolonnebreidd

Endra breidda på radene som er merkte av, eller berre der skrivemerket står.

Gøym kolonnar

Gøymer dei valde kolonnane. Høgreklikk på ei kolonneoverskrift og vel Vis kolonnar for å visa gøymde kolonnar.

Vis kolonnar

Vis gøymde kolonnar. Vel kolonnen du vil visa frå lista, eller trykk alle for å visa alle dei gøymde kolonnane.

Støtt oss!