Tekstanimasjon

Legg ein animasjonseffekt til teksten eller til eit teikneobjekt.

For å bruka denne funksjonen …

Merk teikneobjektet og deretter:

Frå menylinja:

Vel fana Formater → Tekstfelt og form → → Tekstanimasjon.

Frå sprettoppmenyen:

Vel fana → Tekstanimasjon.


Effektar for animert tekst

Vel effekten som du vil bruka, og set deretter eigenskapane til effekten.

Effektar

Vel animasjonseffekten du vil bruka på teksten i teikneobjektet. Vel Ingen effekt for å fjerna ein effekt.

Til venstre

Rullar teksten frå høgre til venstre.

Ikon Til venstre

Til venstre

Til høgre

Rullar teksten frå venstre til høgre.

Ikon Til høgre

Til høgre

Til toppen

Rullar teksten nedanfrå og opp.

Ikon Til toppen

Til toppen

Til botnen

Rullar teksten ovanfrå og ned.

Ikon Til botnen

Til botnen

Eigenskapar

Start inni

Vert brukt til å gjera teksten inne i eit teikneobjekt synleg.

Tekst synleg ved avslutning

Teksten kjem til å vera synleg også etter at effekten er lagt til.

Animasjonseffektar

Set gjentakingsinnstillingar for animasjonseffekten.

Samanhengande

Køyrer animasjonseffekten kontinuerleg. Du avgjer kor mange gongar effekten skal køyrast ved å fjerna dette krysset og skriva inn eit tal i boksen Samanhengande.

Samanhengande-boksen

Skriv inn kor mange gongar animasjonseffekten skal gjentakast.

Stegverdi

Vel stegverdien for rulling av teksten.

Pikslar

Målar auken i biletpunkt.

Stegverdiboks

Skriv inn kor mange steg teksten skal rullast.

Forseinking

Vel kor lang tid det skal gå før effekten vert gjenteke.

Automatisk

LibreOffice avgjer automatisk kor lang tid det skal gå før ein effekt vert køyrd på nytt. Du kan avgjera denne tida manuelt ved å fjerna merket i avkryssingsboksen og så skriva inn ein verdi i automatisk-boksen.

Automatisk-boks

Skriv inn kor lang pause det skal vera før effekten skal køyrast på nytt.

Støtt oss!

Støtt oss!