Dialogvindauget for Fontwork (for å setja tekst langs ei kurva linje)

Eit enkelt verktøy for å setja ein tekst langs ei kurva linje utan fancy effektar.

note

Dette Fontwork-vindauget vert brukt for å setja ein tekst langs ei kurva linje. Teikna ei kurva linje, dobbeltklikk på ho og skriv inn teksten. Når kurva er merkt aktiverer du Fontwork. .


Justeringsknappar

Du kan få teksten til å følgja kva figur som helst. Dei fleste av dei tilpassa figurane som er tilgjengelege på teikneverktøylinja må konverterast til ein annan type før du kan bruka dei med Fontwork. I Impress og Draw høgreklikkar du på forma og vel Gjer om → Til kurve/mangekant/omriss. Om ønskjeleg, kan du nå kopiera og lima inn den konverterte forma i Writer for bruk med Fontwork. Former i verktøylinjene for eldre sirklar og ovalar og eldre rektangel treng ikkje gjerast om. Boge som er teke med i dei enkle formene, er også ei eldre form.

Grunnlinje av

Fjern grunnlinjeformateringa.

Ikon Av

Grunnlinje av

Roter

Bruk topp- eller botnlinja av det valde objektet som grunnlinje til teksten.

Ikon

Roter

Oppreist

Bruk topp- eller botnlinja av det valde objektet som grunnlinje til teksten og hald på den opphavlege loddrette justeringa av enkeltteikna.

Ikon Oppreist

Oppreist

Skråstill vassrett

Skråstill teikna i tekstobjektet (vassrett).

Ikon Skråstilt vassrett

Skråstill vassrett

Skråstill loddrett

Skråstill teikna i tekstobjektet (loddrett).

Ikon Skråstilt loddrett

Skråstill loddrett

Retning

Reverserer tekstretninga og snur teksten vassrett eller loddrett. Du må først leggja til ei anna grunnlinje på teksten for å kunna bruka denne funksjonen.

Ikon Retning

Presentasjon

Venstrejustert

Juster teksten heilt til venstre på grunnlinja til teksten.

Ikon Venstrejuster

Venstrejustert

Midtstill

Midtstill teksten på tekstgrunnlinja.

Ikon Midtstill

Midtstill

Høgrejustert

Juster teksten heilt til høgre på grunnlinja til teksten.

Ikon Høgrejuster

Høgrejustert

Automatisk tekststorleik

Endra storleiken på teksten så han passar til lengda av grunnlinja til teksten.

Ikon Automatisk tekststorleik

Automatisk tekststorleik

Avstand

Vel avstanden mellom grunnlinja for teksten og grunnlinja til dei enkelte teikna.

Ikon Avstand

Avstand

Innrykk

Vel avstanden mellom byrjinga av grunnlinja til teksten og byrjinga av teksten.

Ikon Innrykk

Innrykk

Omriss

Viser eller gøymer grunnlinja til teksten eller hjørna på objektet.

Ikon Omriss

Omriss

Tekstomriss

Vis eller gøym ramma på enkeltteikna i teksten.

Ikon Tekstomriss

Tekstomriss

Ingen tekstskugge

Fjern skuggeeffekten du brukte på teksten.

Ikon Ingen tekstskugge

Ingen skugge

Legg til tekstskugge

Legg til ein skugge på teksten i det valde objektet. Trykk på denne knappen og skriv inn kor stor skuggen skal vera i boksane for Avstand X og Avstand Y.

Ikon Legg til tekstskugge

Legg til tekstskugge

Skråstilt tekstskugge

Legg til ein skråstilt skugge til teksten i det merkte objektet. Trykk på knappen og skriv inn kor stor skuggen skal vera i boksane for Avstand X og Avstand Y.

Ikon Skråstilt tekstskugge

Skråstilt tekstskugge

Vassrett skuggeavstand eller skuggevinkel

Skriv inn den vassrette avstanden mellom tekstteikna og kanten av skuggen eller vinkelen på skuggen på skrå frå loddrett.

Ikon X-avstand

X-avstand eller skuggevinkel

Loddrett avstand eller skuggestorleik

Skriv inn den vassrette avstanden mellom tekstteikna og kanten av skuggen eller storleiken på skuggen i prosent av teiknstorleiken

Ikon Y-avstand

Y-avstand eller skuggestorleik

Skuggefarge

Vel ein farge for tekstskuggen.

Støtt oss!