Til side

Forankrar det merkte objektet slik at det alltid vert på den gjeldande sida.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Format → Forankra → Til side.


Objekt med denne forankringa kan plasserast i høve til heile sida eller i høve til tekstområdet på sida.

Plasseringa av det forankra objektet på den gjeldande sida vert ikkje endra når innhald og sider vert lagde til eller fjerna frå dokumentet.

Den gjeldande sida vert verande i dokumentet med gjeldande plassering i sidesekvensen så lenge objektet er forankra til den sida.

Ankersymbolet vert vist i det øvre, venstre hjørnet på sida.

Støtt oss!