LibreOffice 25.2 Hjelp
Vel eigenskapane for den valde snakkebobla.
Desse snakkeboblene skriv seg frå den første versjonen av LibreOffice. Du må tilpassa ei verktøylinje eller ein meny for å setja inn desse snakkeboblene. Dei nye snakkeboblene tilbyr fleire funksjonar, for eksempel ei snakkeboble-verktøylinje der du kan velja forma på snakkeboblene.
Trykk på den snakkeboblestilen du vil bruka på den valde snakkebobla.
Vel kor stort mellomrom du vil ha mellom snakkebobla og linjene i snakkebobla.
Vel kor forklaringslinja skal byrja i høve til boksen med snakkebobla.
Skriv inn lengda på linjestykket som går frå snakkebobla til bøyepunktet for linja.
Boksen Lengd er berre tilgjengeleg viss du vel forklaringsstilen Vinkla bindingslinje og ikkje kryssar av for Best mogleg.
Trykk her for å visa ei enkeltvinkla linje på best mogleg måte.