Skråstilling og hjørneradius

Skråstiller det valde objektet eller avrundar hjørna på eit rektangulært objekt.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Format → Posisjon og storleik → Helling og hjørneradius.


Faneside for skråning og hjørneradius

Hjørneradius

Du kan runda av hjørna berre på eit rektangulært objekt.

Radius

Skriv inn radiusen på sirkelen som du vil bruka til å runda av hjørna.

note

Eigenskapen radius er tilgjengeleg for tekstboksar, eldre rektangel og kvadrat. Eldre rektangel og kvadrat er tilgjengelege når du viser den tilsvarande verktøylinja i Vis → Verktøylinjer → Eldre rektangel.


Helling

Skråstiller det valde objektet langs ein oppgjeve akse.

Vinkel

Skriv inn vinkelen på skråaksane. Hellingsvinkelen er relatert til kor mykje eit objekt skrånar eller kor mykje det heller frå den normale, loddrette plasseringa.

note

Tekstboksar kan ikkje skråstillast. Verdiar som er gjevne i talboksen vet ignorerte.


Kontrollpunkt 1 og 2

Nokre former har eit spesielt handtak som du kan dra i for å endra utsjånaden på figuren. Når musepeikaren er over eit kontrollpunkt, vert han endra til ei hand. Når objektet ikkje har kontrollpunkt, vert verdien i felta sett til null. Har forma berre eitt kontrollpunkt, vert koordinata for det andre kontrollpunktet sett til null.

Skriv inn ein verdi for X- og Y-koordinata for kontrollpunkta.

Kontrollpunkt på ei form

Støtt oss!