LibreOffice 24.8 Hjelp
Vel utsjånad- og forankringseigenskapane for tekst i den valde teikninga eller tekstobjektet.
Teksten er plassert i høve til kantane på teikne- eller tekstobjektet.
Utvidar objektbreidda til å samsvara med tekstbreidda dersom objektet er mindre enn teksten.
Utvidar objekthøgda slik at ho samsvarar med teksthøgda dersom objektet er mindre enn teksten.
Endrar storleiken på teksten slik at han passar til heile området i teikninga eller tekstobjektet. Denne er tilgjengeleg berre når andre tilpassingskontrollar ikkje er i bruk.
Tilpassar tekstflyten slik at han passar til omrisset av det valde teikneobjektet.
Bryt teksten du legg til etter at du har dobbeltklikka på eigendefinert for å passa inni forma.
Endrar ei eigendefinert form for å passa til teksten du skriv inn etter å ha dobbeltklikka på forma.
Vel kor langt det skal vera mellom kantane på teikne- eller tekstobjektet og kantane på teksten.
Skriv inn kva avstand du ønskjer mellom venstre kant av teikninga eller tekstobjektet og venstre tekstmarg.
Skriv inn kva avstand du ønskjer mellom høgre kant av teikninga eller tekstobjektet og høgre tekstmarg.
Skriv inn kva avstand du ønskjer mellom øvre kant av teikninga eller tekstobjektet og toppmargen.
Skriv inn kva avstand du ønskjer mellom nedre kant av teikninga eller tekstobjektet og botnmargen.
Set ankertypen og ankerplasseringa.
Vel staden du vil plassera tekstankeret.
Forankrar teksten til heile breidda av teikne- eller tekstobjektet.