Mønster

Fyller objektet med eit enkelt tofarga mønster vald på denne sida.

Mønster

Lister ut dei tilgjengelege mønstra. Du kan også endra og laga dine eigne mønster.

note

Du kan endra namnet på eit mønster ved å merkja mønsteret, høgreklikka og velja Endra namn. Du kan sletta eit mønster ved å merkja det, høgreklikka og velja Slett.


Legg til

Legg eit eigendefinert mønster til den gjeldande lista. Oppgje eigenskapane til mønsteret og trykk på denne knappen.

Endra

Brukar eigenskapane frå det gjeldande mønsteret til mønsteret du har valt. Mønsteret kan lagrast under eit anna namn om du vil.

Innstillingar

Teikna eller endra eit mønster.

Mønsterredigering

Teikna mønsteret på eit område på 8 × 8 pikslar. Trykk på ein piksel i mønsteret for å slå han på, trykk igjen for å slå han av.

Forgrunnsfarge

Set fargen på den aktiverte mønsterpikselen.

Bakgrunnsfarge

Set fargen på den deaktiverte mønsterpikselen.

Førehandsvising

Viser ei førehandsvising av det gjeldande utvalet.

Støtt oss!