LibreOffice 7.5 Hjelp
Vel innstillingar for gjennomsikt for fyllet som skal brukast på det valde objektet.
Vel kva gjennomsiktstype du vil bruka.
Slå av gjennomsiktige fargar. Dette er standardinnstillinga.
Skrur på gjennomsiktige fargar. Merk dette valet og skriv inn eit tal i boksen. 0% er full dekning (ikkje gjennomsiktig) og 100% er heilt gjennomsiktig.
Justerer kor gjennomsiktig den gjeldande fyllfargen skal vera. Du kan velja ein verdi mellom 0% (ikkje gjennomsiktig) og 100% (heilt gjennomsiktig).
Bruk fyllfargen til å laga ein gjennomsiktig fargeovergang. Etter å ha valt dette må du oppgje eigenskapane til fargeovergangen.
Vel kva type gjennomsiktig fargeovergang du vil bruka.
Vel kor langt du vil forskyva fargeovergangen vassrett.
Vel kor langt du vil forskyva fargeovergangen loddrett.
Skriv inn rotasjonsvinkelen til fargeovergangen.
Skriv inn kor mykje du vil justera det gjennomsiktige området av fargeovergangen. Standardverdien er 0%.
Skriv inn kor gjennomsiktig startpunktet til fargeovergangen skal vera. Du kan velja ein verdi mellom 0% (ikkje gjennomsiktig) og 100% (heilt gjennomsiktig).
Skriv inn kor gjennomsiktig endepunktet til fargeovergangen skal vera. Du kan velja ein verdi mellom 0% (ikkje gjennomsiktig) og 100% (heilt gjennomsiktig).
Bruk førehandsvisinga for å visa endringane før du brukar gjennomsikteffekten på fargefyllet til det valde objektet.