LibreOffice 25.2 Hjelp
Vel eit bilete som du vil bruka som fyllbilete, eller legg til ditt eige biletmønster.
Listar ut dei tilgjengelege bileta. Du kan også importera punktbilete.
Du kan endra namnet på eit bilete ved å merkja biletet, høgreklikka og velja
. Du kan sletta eit bilete ved å merkja det, høgreklikka og velja .Finn biletet som du vil importera og trykk Opna. Biletet vert lagt til nedst i lista over tilgjengelege bilete.
Importerte bilete vert lagra i brukarprofilen din slik at dei også kan brukast i andre dokument.
Flislagt: Fyller området med biletet som fliser.
Strekt: Strekkjer biletet slik at det fyller objektområdet.
Tilpass plassering/storleik: Tilpass biletet både på storleik og plassering i objektområdet.
Storleik på flisene og tilpassa storleik.
Breidd: Breidda på flisene eller tilpassa storleik.
Høgd: Høgda på flisene eller tilpassa storleik.
Som prosent av foreldra: Merk for å setja høgda og breidda relative til storleiken på områdete som vert fylt.
Vel kvar biletet skal forankrast inne i objektområdet.
X-forskyving: Set den vassrette forskyvinga av biletet i høve til forankringspunktet.
Y-forskyving: Set den loddrette forskyvinga av biletet i høve til forankringspunktet.
Vel forskyvinga av flisene i rader eller kolonnar. Bruk talknappen for å setja forskyvinga.