LibreOffice 24.8 Hjelp
Vel ein fargeovergang, endra verdiane for ein fargeovergang eller lagra ein ny fargeovergang.
Lister dei tilgjengelege fargeovergangane. Du kan også endra og laga dine eigne fargeovergangar.
Legg ein eigendefinert fargeovergang til lista. Oppgje eigenskapane du vil at fargeovergangen skal ha før du trykkjer på denne knappen.
Kopierer eigenskapane frå den gjeldande fargeovergangen til den valde fargeovergangen. Du kan lagra fargeovergangen under eit anna namn.
Du kan endra namnet på ein fargeovergang ved å merkja fargeovergangen, høgreklikka og velja
. Du kan sletta ein fargeovergang ved å merkja han, høgreklikka og velja .Bruk innstillingane for å tilpassa ein fargeovergang.
Vel fargeovergangen du vil bruka.
Skriv inn den vassrette forskyvinga av fargeovergangen. 0 % er den gjeldande vassrett plasseringa av sluttfargen i fargeovergangen. Sluttfargen er den fargen som er definert i Tilfarge.
Skriv inn den loddrette forskyvinga av fargeovergangen. 0 % er den gjeldande loddrette plasseringa av sluttfargen i fargeovergangen. Sluttfargen er den fargen som er definert i Tilfarge.
Skriv inn rotasjonsvinkelen til den valde fargeovergangen.
Skriv inn kor mykje du vil endra området for sluttfargen i fargeovergangen. Sluttfargen er den fargen som er definert i Tilfarge.
Vel ein farge for startpunktet i fargeovergangen.
Skriv inn fargestyrken for fargen sett i Fråfarge. 0 % svarar til svart, 100 % er full fargemetning for den valde fargen.
Vel ein farge for endepunktet i fargeovergangen.
Skriv inn fargestyrken for fargen sett i Tilfarge. 0 % er svart, 100 % er full fargemetning for den valde fargen.