Fargar

Vel ein farge som skal brukast, lagra den gjeldande fargelista eller last ned ei anna fargeliste.

For å bruka denne funksjonen …

Trykk Fargeknappen i ein av situasjonane nedanfor:


Dialogvindauget for fargeside

Fargar

Palett

Vel fargepalett i listeboksen for å setja farge på det merkte objektet. Fargen i paletten vert viste nedanfor.

note

Paletten Temafargar viser temafargane frå det gjeldande temaet, viss dokumentet har eit.


note

Paletten Dokumentfargar viser fargane som vert brukte i det gjeldande dokumentet.


Tidlegare brukte fargar

Viser fargar som er brukte tidlegare.

Eigendefinert palett

Trykk på Legg til for å opna eit dialogvindauge der du kan skriva ein namn for fargen. Paletten skiftar til «Sjølvvald».

Trykk Slett for å fjerna fargen frå den sjølvvalde paletten.

note

Du kan ikkje leggja til eller fjerna fargar frå palettane som følgde med installasjonen.


Aktiv

Viser den fargen som er i bruk for objektet. Verdiane for raud, grøn og blå vert viste like under saman med fargeverdien i heksadesimal notasjon.

Ny

Viser den nye fargen som vert brukt på objektet når du trykkjer på OK.

R, G og B

Verdiane på komponentane raud, grøn og blå for den nye fargen. Du kan definera den nye fargen ved å skriva inn verdiar for raud, grøn og blå i dei respektive talboksane R, G og B. Verdiane kan vera frå 0 til 255.

Heks

Fergeverdien i hekskode. Du kan skriva inn den heksadesimale verdien i feltet Heks.

Plukk

Opnar dialogvindauget for å velja farge for eit grafisk utval.

Tilbakestill

Still tilbake endringar som er gjorde på denne fana til slik dei var før ho vart opna. Du vert ikkje spurd før tilbakestillinga.

Støtt oss!