Linjestilar

Lag eller endra ein stil for stipla linjer.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Format → Linje → Linjestilar.


Eigenskapar

Filtype

Vel kva stil du vil bruka på linja du skal laga.

Type

Vel ein kombinasjon av strekar og prikkar du vil bruka.

Tal

Skriv inn kor mange gongar du vil at ein strek eller prikk skal gjentakast i ein sekvens.

Lengd

Vel kor lang streken skal vera.

Avstand

Skriv inn kor stort mellomrom du vil ha mellom prikkane eller strekane.

Tilpass til linjebreidda

Avgjer om elementa skal justerast automatisk i høve til lengda på linja.

Legg til

Lagar ein ny linjestil ved hjelp av gjeldande innstillingar.

Namn

Skriv inn eit namn.

Endra

Oppdaterer den valde linjestilen ved å bruka gjeldande innstillingar. For å endra namnet på ein vald linjestil, kan du skriva inn eit nytt namn når du vert beden om det.

Slett

Slettar elementet eller elementa etter stadfesting.

Last inn linjestiltabell

Importerer ei liste med linjestilar.

Lagra linjestiltabell

Lagrar lista med linjestilar slik at ho kan hentast fram igjen seinare.

Førehandsvis felt

Viser ei førehandsvising av det gjeldande utvalet.

Støtt oss!