LibreOffice 25.2 Hjelp
Vel formateringa av den valde linja eller for dei linjene du vil teikna. Du kan også leggja til pilspissar på ei linje eller endra henne til eit diagramsymbol.
Vel den linjestilen du vil bruka.
Vel breidda på linja. Du kan leggja til ei måleeining. Ein nullverdi gjev ei linje med ei breidd på ein piksel i mediet ho vert vist på.
Skriv inn kor gjennomsiktig linja skal vera. Du kan velja ein verdi mellom 0% (heilt gjennomsiktig) og 100% (heilt opak).
Set innstillingane for datapunktsymbola i diagrammet.
Vel kva symbolstil du vil bruka i diagrammet. Om du vel automatisk, brukar LibreOffice standardsymbola for den valde diagramtypen.
Vel kor breitt symbolet skal vera.
Vel kor høgt symbolet skal vera.
Opprettheld proporsjonane til symbolet/teiknet når du endrar høgda eller breidda.
Du kan leggja til nye pilhovud til ein eller begge endane. Vel pila i dokumentet og gå til fanaPilstilar i dette dialogvindauget for å leggja til ein tilpassa pilstil i denne lista.
Vel kva pilspiss du vil bruka på den valde linja.
Vel kor brei pilspissen skal vera.
Plasser midten av pilspissane på slutten av linja.
Oppdaterer innstillingane til begge pilspissane automatisk når du skriv inn ei ny breidd, vel ein annan stil på pilspissane eller midtstiller ein pilspiss.
Vel utsjånaden på hjørne på linjer. Viss det er ein liten vinkel mellom linjene, vert ei spiss form byt ut med ei gradert form.
Vel stilen som skal brukast for linjeslutt. Den valde stilen vert også brukt på indre strekar.