LibreOffice 7.5 Hjelp
Deler opp tidlegare fletta celler i dei opphavlege cellene. Viss dei opphavlege cellene hadde innhald som vart teken vare på, vert dette gjenoppretta.
Merk cellene som skal delast og gjer ein av desse:
På verktøylinja Formatering trykkjer du på:
Eller høgreklikk på utvalet for å opna sprettoppmenyen og vel Del opp celler. Viss det i staden kjem opp Flett saman celler, inneheld utvalet ingen celler som er fletta saman.
Eller du kan fjerna avkryssinga for Flett saman celler i fana Eigenskapar i sidepanelet.
Eller du kan velja Format → Slå saman celler → Del celler.
Viser dialogvindauget for å dela celler. Her kan du dela opp anten vassrett eller loddrett og velja kor mange celler kvar celle skal delast opp i.
Skriv inn kor mange rader eller kolonnar du vil dela dei markerte cellene i.
Deler dei valde cellene i så mange rader som du valde i feltet Del celler i.
Del cellene i rader i lik høgd.
Deler cellene i det talet på kolonnar du vel i feltet Del celler i.