Botntekst

Legg til ein botntekst til sidestilen. Botnteksten er eit område i nedste sidemarg der du kan leggja inn tekst eller bilete.

Du kan òg leggja til kantlinjer eller ein bakgrunn til ein botntekst.

For å bruka denne funksjonen …

Vel fana Format → Side → Botntekst

Vel Vis → Stilar, opna sprettoppmenyen til ei oppføring og vel fana Endra/Ny → Botntekst


Viss du vil la ein botntekst gå ut i sidemargane, kan du setja inn ei ramme i botnteksten.

Botntekst

Vel eigenskapane for botnteksten.

Botntekst på

Legg til ein botntekst i den gjeldande sidestilen.

Likt innhald på venstre- og høgresider

Bruk den same botnteksten på partals- og oddetalssider.

Same innhald på den første sida

Førstesida og like/ulike sider deler det same innhaldet.

Venstremarg

Skriv inn kor stor avstanden skal vera mellom venstre kant av sida og venstre kant av botnteksten.

Høgremarg

Skriv inn kor stor avstanden skal vera mellom høgre kant av sida og høgre kant av botnteksten.

Avstand

Skriv inn kor stor avstanden skal vera mellom nedre kant av teksten i dokumentet og øvre kant av botnteksten.

Bruk dynamisk mellomrom

Opphevar innstillinga for mellomrom og tillet at området til botnteksten utvidar seg inn i området mellom dokumentteksten og botnteksten.

Høgd

Skriv inn høgda på botnteksten.

Tilpass høgda automatisk

Justerer automatisk høgda på botnteksten i høve til kva du skriv inn.

Førehandsvis felt

Viser ei førehandsvising av det gjeldande utvalet.

Meir

Definerer ei kantlinje, ein bakgrunnsfarge eller eit bakgrunnsmønster for botnteksten.

Støtt oss!