Topptekst

Legg til topptekst i sidestilen. Toppteksten er eit område i øvste sidemarg der du kan leggja til tekst eller bilete.

Du kan òg leggja til kantlinjer eller ein bakgrunn i ein topptekst.

For å bruka denne funksjonen …

Vel fana Format → Side → Topptekst

Vel Vis → Stilar, opna sprettoppmenyen til ein sidestil og vel fana Endra/Ny → Topptekst.


Viss du vil at ein topptekst skal gå ut i sidemargane, må du setja inn ei ramme i toppteksten.

Topptekst

Vel eigenskapane for toppteksten.

Topptekst på

Legg til topptekst i den gjeldande sidestilen.

Likt innhald på venstre- og høgresider

Bruk den same toppteksten på partals- og oddetalssider.

Same innhald på den første sida

Førstesida og par-/oddetalssider deler det same innhaldet.

Venstremarg

Skriv inn kor stor avstanden skal vera mellom venstre kant av sida og venstre kant av toppteksten.

Høgremarg

Skriv inn kor stor avstanden skal vera mellom høgre kant av sida og høgre kant av toppteksten.

Avstand

Skriv inn kor stor avstanden skal vera mellom nedre kant av toppteksten og øvre kant av teksten i dokumentet.

Bruk dynamisk mellomrom

Opphevar oppsettet av mellomrom og tillet området til toppteksten å utvida seg inn i området mellom dokumentteksten og toppteksten.

Høgd

Skriv inn kor høg toppteksten skal vera.

Tilpass høgda automatisk

Justerer høgda på toppteksten automatisk til å passa til innhaldet og skriftstorleiken du brukar.

Førehandsvis felt

Viser ei førehandsvising av det gjeldande utvalet.

Meir

Definerer ei kantlinje, ein bakgrunnsfarge eller eit bakgrunnsmønster for toppteksten.

Støtt oss!