Gjer at du kan definera sideutforming for enkle og fleirsidige dokument, også nummerering, tekstretning og papirformat.

For å bruka denne funksjonen …

Frå menylinja:


Papirformat

Vel frå ei liste med førehandsgjevne papirstorleikar, eller vel eit eige format.

Format

Vel ein førehandsdefinert papirstorleik eller lag eit tilpassa format ved å gje dimensjonane for papiret i felta Høgd og Breidd.

Breidd

Viser breidda til det valde papirformatet. Skriv inn ein verdi her om du vil velja eit eige papirformat.

Høgd

Viser høgda på det valde papirformatet. Skriv inn ein verdi her om du vil velja eit eige papirformat.

Papirretning

Vel papirretning for vising og utskrift.

Ståande

Viser og skriv ut dokumentet med ståande papirretning.

Liggjande

Viser og skriv ut dokumentet med liggjande papirretning.

Tekstretning

Vel tekstretningen du vil bruka i dokumentet.

Førehandsvis felt

Viser ei førehandsvising av det gjeldande utvalet.

Papirskuff

Vel papirkjelda til skrivaren du nyttar. Du kan også bruka ulike papirmagasin for ulike sidestilar. For eksempel kan du bruka ei eiga skuffe til førstesidestilen og ha brevark med brevhovud i denne skuffa.

Margar

Vel kor langt det skal vera mellom kantane på sida og dokumentteksten.

Venstre

Skriv inn kor mykje ledig plass det skal vera mellom den venstre kanten av sida og teksten.

Høgre

Skriv inn kor mykje ledig plass det skal vera mellom den høgre kanten av sida og teksten.

Topp

Vel kor stort mellomrom du vil ha mellom øvre kant av sida og teksten i dokumentet.

Botn

Vel kor stort mellomrom du vil ha mellom nedre kant av sida og teksten i dokumentet.

Utformingsinnstillingar

tal

Støtt oss!

Støtt oss!