LibreOffice 26.2 Hjelp
Juster avsnittet i forhold til sidemargane.
Vel justeringa for det gjeldande avsnittet.
Justerer avsnittet til byrjinga av linja i leseretningen. For tekst som går ovanfrå og ned, betyr dette justering i høve til toppen.
Juster avsnittet til den venstre margen.
For asiatiske språk vert avsnittet justert til øvre, venstre sidemarg.
Justerer avsnittet til slutten av linja i leseretningen. For tekst som går ovanfrå og ned, betyr dette justering i høve til botnen.
Juster avsnittet til den høgre margen.
For asiatiske språk vert avsnittet justert til margen nede til høgre.
Juster avsnittet inntil både høgre og venstre marg.
Justerer avsnittet etter eit tekstrutenett. Vel Format → Sidestil → Tekstrutenett. for å slå rutenettet på.
Vel eit justeringsalternativ for for store eller for små teikn i avsnittet, i forhold til resten av teksten i avsnittet.
Vel tekstretninga for avsnitt som brukar kompleks tekst (CTL). Denne funksjonen er berre tilgjengeleg viss støtte for kompleks tekst er slått på.
Spesifiserer at skriveretninga for avsnittet skal justerast ut frå innhaldet når dette vert redigert.
For å unngå ujamne tomme felt som kan dukka opp mellom ord i eit justert avsnitt, og også overdrive orddeling, kan du justera den ønskte ordavstanden i avsnittet i høve til breidda på mellomromsteiknet.
Minimum: justerer minimum ordavstand. Skriv inn eit tal mellom 0 % (ingen ordavstand) og 250 % (to og en halv gongar breidda på mellomromsteiknet).
Ønskt: justerer ønskt ordavstand. Skriv inn eit tal mellom 0 % og 250 %.
Maksimum: justerer maksimal ordavstand. Skriv inn eit tal mellom 0 % og 250 %.