LibreOffice 24.8 Hjelp
Vel kvar i avsnittet ein tabulator skal liggja.
Du kan òg bruka linjalen til å velja tabulatorposisjonane.
Vel ein tabulatortype, skriv inn ein ny verdi og trykk Ny. Viss du vil, kan du også velja måleeininga som tabulatoren skal bruka (cm for centimeter eller " for tommar). Eksisterande tabulatorar til venstre for den første tabulatoren du set, vert sletta.
Vel tabulatortypen du vil endra.
Viss støtte for asiatiske språk er slått på, er namnet på denne tabulatoren Venstre/topp.
Juster venstre kant av teksten etter tabulator og strekk teksten mot høgre.
Viss støtte for asiatiske språk er slått på, er namnet på denne tabulatoren Høgre/botn.
Juster høgre kanten av teksten etter tabulator og strekk teksten mot venstre.
Sentrer teksten i høve til tabulatoren.
Justerer tal slik at desimalteiknet ligg midt på tabulatoren. Eventuell tekst vert plassert til venstre for tabulatoren.
Skriv inn eit teikn som skal brukast av desimaltabulatoren som desimalskiljeteikn.
Vel teikna som skal visast i tomrommet til venstre for tabulatoren.
Set inn «ikkje-fyll»-teikn eller slett noverande «fyll»-teikn til venstre for tabulator.
Fyll tomrommet til venstre for tabulator med punktum ( … ).
Fyll tomrommet til venstre for tabulator med strekar ( --- ).
Teikna ein strek for å fylla tomrommet til venstre for tabulator.
Gjer at du kan velja eit teikn som skal fylla tomrommet til venstre for tabulatoren.
Legg tabulatoren du har valt til avsnittet.
Fjernar alle tabulatorane som du har sett under Posisjon. Venstre tabulator vert sett med jamne mellomrom som standard tabulator.