LibreOffice 25.2 Hjelp
Vel innrykk, mellomrom og linjeavstand for dette avsnittet.
For å endra måleeiningane som er brukte i dette dialogvindauget, må du velja
og deretter ei ny måleeining under «Innstillingar».Vel kor langt det skal vera mellom venstre og høgre sidemarg og avsnittet.
skriv inn kor mykje du vil rykkja inn avsnittet i høve til margen. Vil du at avsnittet skal strekkja seg ut over margen, skriv du inn eit negativt tal. I språk som vert skrivne mot høgre vert venstresida av avsnittet rykt inn i høve til venstremargen. I språk som vert skrivne mot venstre vert høgresida av avsnittet rykt inn i høve til høgremargen.
Skriv inn kor stort innrykk avsnittet skal ha i høve til margen. Vil du at avsnittet skal byrja framføre margen, skriv du inn eit negativt tal. I språk som vert skrivne mot høgre vert høgresida av avsnittet rykt inn i høve til høgremargen. I språk som vert skrivne mot venstre vert venstresida av avsnittet rykt inn i høve til venstremargen.
Rykkjer inn den første linja i eit avsnitt så mykje som du vel her. Skriv inn ein positiv verdi for «Før tekst» og ein negativ verdi for «Første linje» for å laga eit hengande innrykk. For å laga innrykk på første linja i eit avsnitt med nummerert liste eller punktliste, bruk Format → Punkt og nummerering → Plassering.
Lagar automatisk innrykk av eit avsnitt i høve til storleiken på skrifta og linjeavstanden. Verdien sett i Første linje vert ignorert.
Vel kor langt det skal vera mellom dei merkte avsnitta.
Vel kor stor avstand det skal vera over det merkte avsnittet.
Vel kor stor avstand det skal vera etter dei valde avsnitta.
Gjer at det ikkje vert lagt til ekstra avstand før og etter dette avsnittet når avsnittet før og etter har same avsnittsstil.
Vel kor stor avstand det skal vera mellom tekstlinjene i eit avsnitt.
Brukar enkel linjeavstand i avsnittet. Dette er standardinnstillinga.
Linjeavstand 1
Set linjeavstanden til 1,15 linjer.
Linjeavstand 1,15
Linjeavstand 1,5
Linjeavstand 2
Vel denne innstillinga, og skriv inn ein prosentverdi i boksen. 100 % svarar til enkel linjeavstand.
Vel den minste moglege linjeavstanden.
Viss du brukar ulike skriftstorleikar inne i eit avsnitt, vert linjeavstanden automatisk tilpassa den største skriftstorleiken. Viss du heller vil ha same avstand for alle linjer, kan du velja ein verdi i Minst-feltet som vil passa til den største skriftstorleiken.
Vel kor stor den loddrett avstanden mellom to linjer skal vera.
Set linjeavstanden slik at han samsvarar nøyaktig med verdien du skriv inn i boksen. Dette kan føra til at enkelte teikn vert avklipte.
Skriv inn linjeavstand.