LibreOffice 7.6 Hjelp
Set dei typografiske innstillingane for celler eller avsnitt i filer med asiatiske språk. For å slå på støtta for asiatiske språk, må du velja Språkinnstillingar → Språk i dialogvindauget Innstillingar og deretter kryssa av for Slå på i Støtte for asiatiske språk. Dei asiatiske typografiinnstillingane vert ignorerte i HTML-dokument.
Innstillingar for linjeskift i dokument med asiatiske språk.
Hindrar at teikna i lista kan stå først eller sist i ei linje. Teikna vert plasserte anten på linja før eller på linja etter. Du kan endra lista med → Språkinnstillingar → Språk → Asiatisk oppsett.
Hindrar at komma og punktum bryt linja. Desse teikna vert i staden lagde på slutten av linja sjølv om det vert i margen.
Legg til eit mellomrom mellom ideografiske og alfabetiske teikn.