SkriftposisjonPosisjon
Bestemmer plassering, skalering, rotasjon og mellomrom for teikn.
Posisjon
Vel at eit teikn skal setjast i heva eller senka skrift.
Heva skrift
Forminskar skrifta for den markerte teksten og løfter ho frå grunnlinja.
Normal
Fjernar heva eller senka skriftformatering.
Senka skrift
Forminskar skrifta for den markerte teksten og senkar ho under grunnlinja.
Hev/senk med
Skriv inn kor mykje teksten skal hevast eller senkast i høve til grunnlinja. 100 % svarar til høgda på skrifta.
Relativ skriftstorleik
Skriv inn kor mykje skriftstorleiken for den merkte teksten skal forminskast.
Automatisk
Set automatisk kor mykje den markerte teksten skal hevast eller senkast i høve til grunnlinja.
Rotasjon/skalering
Vel rotasjons- og skaleringsinnstillingane for den valde teksten.
0 grader
Roterer ikkje den valde teksten.
90 grader
Roterer den valde teksten 90 grader til venstre.
270 grader
Roterer den merkte teksten 90 grader mot høgre.
Tilpass til linje
Strekkjer ut eller komprimerer den merkte teksten slik at han passar mellom linja over teksten og linja under teksten.
Skaler breidd
Skriv inn kor mange prosent av skriftbreidda den merkte teksten skal strekkjast eller komprimerast.
Avstand
Vel avstanden mellom enkeltteikn.
Avstand
Bestemmer avstanden mellom teikna i den merkte teksten. For å utvida eller krympa avstanden skriv du inn ein verdi for avstanden mellom teikna i talboksen.
Set ein positiv verdi for å auka avstanden og ein negativ verdi for å minska avstanden.
Parvis kerning
Juster avstanden automatisk for den spesifikke teiknkombinasjonen.
Kerning er berre tilgjengeleg for nokre skrifter og krev at skrivaren du bruker støttar dette.