Talformatkodar

Talformatkodar kan vera sett saman av opp til tre delar, skilde med semikolon (;).

  1. I ein talformatkode med to delar, gjeld den første delen dei positive verdiane og null, medan den andre delen gjeld negative verdiar.

  2. I ein talformatkode med tre delar, gjeld den første delen positive verdiar, den andre gjeld negative verdiar, medan den siste gjeld verdien null.

  3. Du kan òg tildela vilkår for dei tre delane, slik at formatet berre vert brukt viss eit vilkår er oppfylt.

  4. Den fjerde delen vert brukt viss innhaldet ikkje er ein verdi, men ein tekst. Innhald vert representert med teiknet @.

Desimalplassar og signifikante siffer

Bruk null (0), talteiknet (#) eller spørjeteiknet (?) som plasshaldarar i talformatkoden for å representera tal. # viser berre signifikante siffer, medan 0 viser nullar viss det er færre siffer i talet enn i talformatet. ? gjer det same som #, men legg til eit mellomrom for å justera desimalteiknet viss det er ein gøymd ikkje-signifikant null.

Bruk spørjeteikn (?), nullar (0) eller talteikn (#) for å representera tal på siffer som kan takast med i teljaren og nemnaren til ein brøk. Brøkar som ikkje passar til mønsteret du vel, vert viste som desimaltal.

Viss eit tal inneheld fleire siffer til høgre for desimalteiknet enn det er plasshaldarar i formatet, vert talet avrunda. Viss eit tal inneheld fleire siffer til venstre for desimalteiknet enn det er plasshaldarar i formatet, vert heile talet vist. Bruk den følgjande lista som rettleiing til bruk av plasshaldarar når du lagar talformatkodar:

Plasshaldarar

Forklaring

#

Viser ikkje ekstra nullar.

?

Viser mellomrom i staden for ekstra nullar.

0 (null)

Viser ekstra nullar viss talet har færre plassar enn nullar i formatet.


Eksempel

Talformat

Formatkode

3456,78 som 3456,8

####.#

9,9 som 9,900

#.000

13 som 13,0 og 1234,567 som 1234,57

#.0#

5,75 som 5 3/4 og 6,3 som 6 3/10

# ???/???

,5 som 0,5

0.##

,5 som 0,5   (med to ekstra mellomrom til slutt)

0.???


Tusenskilje

Avhengig av språkinnstillingane kan du bruka komma, punktum eller mellomrom som tusenskilje. Du kan òg bruka skiljeteiknet til å forminske talet som er vist som multippel av 1000. Eksempelet nedanfor brukar komma som tusenskilje.

Talformat

Formatkode

15000 som 15.000

#,###

16000 som 16

#,


Ta med tekst i talformatkodar

Tekst og tal

For å setja inn tekst i ei celle set til talformat, set du teksten mellom doble hermeteikn (") eller ein bakoverstrek (\) framføre ein enkel bokstav. Skriv for eksempel #,#"meter" for å visa «3,5 meter» eller #,# m for å visa «3,5 m». Dersom du brukar mellomrom som tusenskilje, må du setja inn mellomrom i eksempla: #.#" meter" eller #.#\ \m for å få korrekt resultat.

Tekst og tekst

Viss du vil ta med tekst i eit talformat som skal brukast i ei celle som kan innehalda tekst, må du bruka doble hermeteikn (" ") rundt teksten og leggja til ein alfakrøll (@). For eksempel kan du skriva inn "Totalt for "@ for å visa «Totalt for desember».

Mellomrom

For å bruka eit teikn til å bestemma breidda av eit mellomrom i eit talformat, kan du skriva inn ein understrek ( _ ) framføre teiknet. Breidda vil variera utifrå breidda på teiknet du vel. Eksempelvis vil _M laga eit breiare mellomrom enn _i.

For å fylle ledige mellomrom med eit bestemt teikn, set ei stjerne (*) framføre teiknet. For eksempel:

*\0

vil visa så mange heiltalsverdiar (0) med så mange bakoverstrekar (\) framføre som trengst for å fylla ut kolonnebreidda. For rekneskap kan du venstrejustera valutasymbol med eit slikt format:

$_-* 0.--;$-* 0.--;$_-* -

Farge

Du kan å velja fargen på ein del av ein talformatkode ved å setja inn eitt av desse fargenamna i hakeparentesar [ ]:

CYAN

GREEN

BLACK

BLUE

MAGENTA

RED

WHITE

YELLOW


Vilkår

Vilkårsparentesar

Du kan laga talformat som berre skal brukast når eit bestemt vilkår er oppfylt. Vilkår skriv du inni hakeparentesar [ ].

Du kan bruka alle kombinasjonar av tal og operatorane <, <=, >, >=, = og <>.

Vil du for eksempel bruka ulike fargar til ulike temperaturar, kan du skriva inn:

[BLUE][<0]#.0 "°C";[RED][>30]#.0 "°C";[BLACK]#.0 "°C"

Alle temperaturar under 0°C er blå, temperaturar mellom 0°C og 30°C er svarte, medan temperaturar høgare enn 30°C er raude.

Positive og negative tal

For å velja eit talformat som legg til ulike tekstar til eit tal avhengig av om talet er positivt, negativt eller lik null, kan du bruka dette formatet:

"plus" 0;"minus" 0;"null" 0

Prosentar, vitskapleg notasjon og brøkar

Prosentar

Du kan visa tal som prosenttal ved å leggja prosentteiknet (%) til talformatet.

Vitskapleg notasjon

Vitskapleg notasjon lèt deg skriva veldig store eller veldig små tal på ein kort måte. I vitskapleg notasjon vert for eksempel «650000» skrive som «6,5 × 105» og «0,000065» som «6.5 × 10-5». I LibreOffice vert desse tala skrivne som «6.5E+5» og «6.5E-5». For å laga eit talformat som viser tal i vitskapleg notasjon, skriv inn «#» eller «0» og deretter ein av desse kodane: «E-», «E+», «e-» eller «e+». Dersom teiknet er sløyfa etter E eller e, vert det ikkje vist for positive eksponentverdiar. For å få teknisk notasjon, skriv inn 3 teikn (0 eller #) i heiltalsdelen. For eksempel ###,##E+00.

Brøkar

For å visa ein verdi som brøk, inneheld formatet to eller tre delar: valfritt heiltal, teljar og nemnar. Heiltal og teljaren er skilde med eit mellomrom eller ein tekst i sitatteikn. Teljar og nemnar er skilde med ein skråstrek. Kvar del kan innehalde kombinasjonar av #, ? og 0 som plasshaldarar.

Nemnaren vert rekna ut for å gi næraste verdien av brøken med omsyn til talet på plasshaldarar. For eksempel vert PI vist som 3 16/113 med formatet:

# ?/???

Nemnaren kan også tvingast til å visa verdien som erstattar plasshaldaren. For å visa PI som sekstendelar (dvs. 50/16), bruk formatet

?/16

Talformatkodar for valutaformat

Standardvalutaformatet for cellene i rekneark er styrt av regioninnstillingane på operativsystemet. Viss du vil, kan du bruka eit tilpassa valutasymbol på ei celle. Skriv for eksempel inn #,##0,00 € for å visa 4,50 € (Euro).

Du kan òg velja lokalinnstillingar for valuta ved å skriva inn landskoden etter symbolet. For eksempel står [$€-407] for Euro i Tyskland. For å sjå koden til eit land, vel landet i lista Språk under fana Tal i dialogvindauget Formater celler.

note

Formatkoden til valutaar er på forma [$xxx-nnn], der xxx er valutasymbolet og nnn landskoden. Spesielle banksymbol, som EUR (for Euro), krev ikkje landskode. Valutaformatet er ikkje avhengig av språket som er valt i Språk-boksen.


Dato- og klokkeslettformat

Datoformat

For å visa dagar, månadar og år, må du bruka desse talformatkodane

Åtvaringsikon

Ikkje alle formatkodane gjev meiningsfylte resultat for alle språk.


Format

Formatkode

Månad som 3.

M

Månad som 03.

MM

Månad som jan-des

MMM

Månad som januar-desember

MMMM

Første bokstav i månadsnamnet

MMMMM

Dag som 2

D

Dag som 02

DD

Dag som søn - lau

NN or DDD or AAA

Dag som måndag til sundag

NNN or DDDD or AAAA

Dag med komma etter, som i «Søndag,»

NNNN

År som 00-99

YY

År som 1900-2078

YYYY

Vekenummer

WW

Kvartalsvis som Q1 til Q4

Q

Kvartalsvis som 1. kvartal til 4. kvartal

QQ

Æra, avkorting. I den japanske Gengou-kalenderen, enkeltteikn (moglege verdiar er: M, T, S, H)

G

Æra, forkorting

GG

Æra, fullt namn

GGG

Talet på år i ein æra, kortformat

E

Talet på år i ein æra, langt format

EE eller R

Æra, fullt namn og år

RR eller GGGEE


Formateringskodane som er lista opp ovanfor vil fungera i den språkversjonen av LibreOffice du brukar. Om du skifter plasseringa av LibreOffice til ein annan språkvariant, må du vita kva formateringskodar som vert brukte der.

Viss programvaren din for eksempel er set til engelsk, vil koden for å formatera eit år med fire siffer vera YYYY. Viss du skifter til tysk, må du bruka JJJJ i staden. Følgjande tabell viser berre dei lokaliserte språkskilnadane.

Språkversjon

År

Månad

Dag

Time

Vekedag

Æra

English - en

og dei som ikkje finst i lista

Y

M

D

H

A

G

Tysk - de

J

T

Hollandsk - nl

J

U

Fransk ‒ fr

A

J

O

Italiensk ‒ it

A

G

O

X

Portugisisk - pt

A

O

Spansk - es

A

O

Dansk - da

T

Norsk - no, nb, nn

T

Svensk - sv

T

Finsk - fi

V

K

P

T


Skriva inn datoar

For å skriva inn ein dato i ei celle, bruk det gregorianske kalenderformatet. Med norske innstillingar kan du skriva inn «31.12.2005» for den 31. desember 2005. Med engelsk kan du skriva inn «12/31/2005».

Alle datoformat er avhengige av dei lokale innstillingane under → Språkinnstillingar → Språk. Viss du for eksempel har vald japansk, så er det gengou-kalenderen som vert brukt. Standarddatoformatet i LibreOffice brukar den gregorianske kalenderen.

For å velja eit kalenderformat som er uavhengig av språket maskinen er sett til å bruka, legg til eit modifikatorteikn framføre datoformatet. For å visa ein dato ved bruk av for eksempel det jødiske kalenderformat sjølv med ikkje-hebraiske innstillingar, skriv inn: [~jewish]DD/MM/YYYY

Den spesifiserte kalenderen vert eksportert til Microsoft Excel med bruk av utvida LCID. Utvida LCID kan også brukast i formatstrengen og vert då endra til ein kalendermodifikator. Sjå Utvida LCID nedanfor.

Modifikator

Kalender

[~buddhist]

Thailandsk buddhistisk-kalender

[~gengou]

Japansk gengou-kalender

[~gregorian]

Gregoriansk kalender

[~hanja] eller [~hanja_yoil]

Koreansk kalender

[~hijri]

Arabisk islamsk kalander

[~jewish]

Jødisk kalender

[~ROC]

Kinesisk kalender


Tidsformat

For å visa timar, minutt og sekund, må du bruka desse talformatkodane.

Format

Formatkode

Timar som 0-23

H

Timar som 00-23

HH

Timar som 00 og større

[HH]

Minutt som 0-59

M

Minutt som 00-59

MM

Minutt som 00 og større

[MM]

Sekund som 0-59

S

Sekund som 00-59

SS

Sekund som 00 og større

[SS]


Merknadsikon

Om du vil visa sekund som brøkdelar, må du leggja til desimalskiljeteiknet i talformatkoden. Skriv for eksempel inn hh:mm:ss.00 for å visa tida som «01:02:03.45».


Minuttformata M og MM må brukast saman med formata timar eller sekund for å unngå at dei skal forvekslast med månadformata.

Viss eit klokkeslett er skrive inn på forma «02:03.45», «01:02:03.45» eller «25:01:02», vert følgjande format brukte viss ikkje noko anna er valt: «MM:SS.00», «[TT]:MM:SS.00» eller «[TT]:MM:SS»

Visa tal med lokale teikn

NatNum-modifikatorar

For å visa tal ved hjelp av lokale teikn, må du bruka ein modifikator av typen [NatNum1], [NatNum2], … [NatNum11] først i talformatkodane.

For å skriva ut tal i ulike tal-, valuta- og datoformat, brukar du ein [NatNum12]-modifikator saman med dei valde argumenta i byrjinga av ein talformatkode. Sjå avsnittet om NatNum12 nedanfor.

[NatNum1]-modifikatoren brukar alltid éin-til-éin-teiknassosiasjon for å gjera om tal til ein streng, som svarar til den lokale talformatkoden under språkinnstillinga som er brukt. Dei andre modifikatorane gjev ulike resultat viss dei vert brukte under ulike språkinnstillingar. Ein lokalitet kan vera språket og territoriet som formatkoden er vald for, eller ein modifikator slik som [$-yyy] som følgjer den lokale talmodifikatoren. I dette tilfelle er «yyy» den heksadesimale MS-LCID, som òg vert brukt i valutaformatkodar. For for eksempel å visa eit tal ved hjelp av japansk, kort kanji-teikn i ein engelsk lokalitet, kan du bruka denne talformatkoden:

[NatNum1][$-411]0

I den følgjande lista vert den Microsoft Excel [DBNumX]-modifikatoren, som tilsvarer LibreOffice[NatNum]-modifikatoren vist. Viss du vil, kan du bruka ein [DBNumX]-modifikator i staden for [NatNum]-modifikatoren til lokaliteten din. Når det er mogleg, vil LibreOffice internt assosiera [DBNumX]-modifikator til [NatNumN]-modifikator.

Vising av datoar ved hjelp av [NatNum]-modifikatorar kan ha ein annan effekt enn vising av andre typar tal. Slike effektar vert viste med «CAL: ». Eksempelvis viser «CAL: 1/4/4» at året vert vist ved hjelp av [NatNum1]-modifikatoren, medan dagen og månaden vert viste ved hjelp av [NatNum4]-modifikatoren. Viss «CAL» ikkje er valt, er datoformatet for den bestemte modifikatoren ikkje støtta.

[NatNum0]

Prøver å omforma ein lokal talstreng til arabiske teikn i ASCII. Viss dei er i ASCII frå før, vert ingenting endra.

[NatNum1]

Omskrivingar

Landspesifikke talteikn

DBNumX

Datoformat

Kinesisk

Kinesiske små teikn

CAL: 1/7/7 [DBNum1]

Japansk

korte Kanji-teikn

[DBNum1]

CAL: 1/4/4 [DBNum1]

Koreansk

Koreanske små teikn

[DBNum1]

CAL: 1/7/7 [DBNum1]

Hebraisk

Hebraiske teikn

Arabisk

Arabisk-indiske teikn

Thai

Thailandske teikn

Hindi

Indiske-Devanagari teikn

Oriya

Oriya (Odia) teikn

Marathi

Indiske-Devanagari teikn

Bengali

Bengali-teikn

Punjabi

Punjabi (Gurmukhi) teikn

Gujarati

Gujarati teikn

Tamil

Tamil-teikn

Telugu

Telugu-teikn

Kannada

Kannada-teikn

Malayalam

Malayalam-teikn

Laotisk

Laotiske teikn

Tibetansk

Tibetanske teikn

Burmesisk

Burmesiske (Myanmar) teikn

Khmer

Khmer (Kambodschiske) teikn

Mongolsk

Mongolske teikn

Nepalesisk

Indiske-Devanagari teikn

Dzongkha

Tibetanske teikn

Farsi

Austarabiske-indiske teikn

Kyrkjeslavisk

Kyrilliske teikn


[NatNum2]

Omskrivingar

Landspesifikke talteikn

DBNumX

Datoformat

Kinesisk

Kinesisk store teikn

CAL 2/8/8 [DBNum2]

Japansk

tradisjonelle Kanji-teikn

CAL 2/5/5 [DBNum2]

Koreansk

Koreanske store teikn

[DBNum2]

CAL 2/8/8 [DBNum2]

Hebraisk

Hebraisk nummerering


[NatNum3]

Omskrivingar

Landspesifikke talteikn

DBNumX

Datoformat

Kinesisk

fullbreidde arabiske siffer

CAL: 3/3/3 [DBNum3]

Japansk

fullbreidde arabiske siffer

CAL: 3/3/3 [DBNum3]

Koreansk

fullbreidde arabiske siffer

[DBNum3]

CAL: 3/3/3 [DBNum3]


[NatNum4]

Omskrivingar

Landspesifikke talteikn

DBNumX

Datoformat

Kinesisk

tekst med små bokstavar

[DBNum1]

Japansk

moderne lang Kanji tekst

[DBNum2]

Koreansk

formell tekst med små skriftteikn


[NatNum5]

Omskrivingar

Landspesifikke talteikn

DBNumX

Datoformat

Kinesisk

Kinesisk tekst med store teikn

[DBNum2]

Japansk

tradisjonell lang Kanji tekst

[DBNum3]

Koreansk

formell tekst med store skriftteikn


[NatNum6]

Omskrivingar

Landspesifikke talteikn

DBNumX

Datoformat

Kinesisk

fullbreidde-tekst

[DBNum3]

Japansk

fullbreidde-tekst

Koreansk

fullbreidde-tekst


[NatNum7]

Omskrivingar

Landspesifikke talteikn

DBNumX

Datoformat

Kinesisk

kort tekst med små bokstavar

Japansk

moderne kort Kanji tekst

Koreansk

uformell tekst med små skriftteikn


[NatNum8]

Omskrivingar

Landspesifikke talteikn

DBNumX

Datoformat

Kinesisk

kort tekst med små bokstavar

Japansk

tradisjonell kort Kanji-tekst

[DBNum4]

Koreansk

uformell tekst med store skriftteikn


[NatNum9]

Omskrivingar

Landspesifikke talteikn

DBNumX

Datoformat

Koreansk

Hangul-teikn


[NatNum10]

Omskrivingar

Landspesifikke talteikn

DBNumX

Datoformat

Koreansk

formell Hangul-tekst

[DBNum4]

CAL 9/11/11 [DBNum4]


[NatNum11]

Omskrivingar

Landspesifikke talteikn

DBNumX

Datoformat

Koreansk

uformell hangul-tekst


Utvida LCID

Dersom dei er kompatible, vert lokalt talformat og kalender eksportert til Microsoft Excel ved hjelp av utvida LCID. Utvida LCID kan også brukast i strengformat i staden for NatNum-modifikatoren.

Utvida LCID inneheld 8 heksadesimale siffer: [$-NNCCLLLL] der NN står for lokal nummerering, CC for kalender og LLLL for LCID-kode. For eksempel vert [$-0D0741E] omforma til [NatNum1][$-41E][~buddhist]: Thai-nummerering (0D) med Buddhist-kalender (07) i Thai lokal (041E).

Lokal nummerering

Dei to første siffera NN representerer lokal nummerering:

NN

Talord

Representasjon

Kompatibel LCID

01

Arabisk

1234567890

alle

02

Austarabisk

١٢٣٤٥٦٧٨٩٠

401

1401, 3c01, 0c01, 801, 2c01, 3401, 3001, 1001, 1801, 2001, 4001, 2801, 1c01, 3801, 2401

03

Persisk

۱۲۳۴۵۶۷۸۹۰

429

04

Devanagari

१२३४५६७८९०

439

44E, 461, 861

05

Bengali

১২৩৪৫৬৭৮৯০

445

845

06

Punjabi

੧੨੩੪੫੬੭੮੯੦

446

07

Gujarati

૧૨૩૪૫૬૭૮૯૦

447

08

Oriya

୧୨୩୪୫୬୭୮୯୦

448

09

Tamil

௧௨௩௪௫௬௭௮௯0

449

849

0A

Telugu

౧౨౩౪౫౬౭౮౯౦

44A

0B

Kannada

೧೨೩೪೫೬೭೮೯೦

44B

0C

Malayalam

൧൨൩൪൫൬൭൮൯൦

44C

0D

Thai

๑๒๓๔๕๖๗๘๙๐

41E

0E

Laotisk

໑໒໓໔໕໖໗໘໙໐

454

0F

Tibetansk

༡༢༣༤༥༦༧༨༩༠

851

10

Burmesisk

၁၂၃၄၅၆၇၈၉၀

455

11

Tigrina

፩፪፫፬፭፮፯፰፱0

473

873

12

Khmer

១២៣៤៥៦៧៨៩០

453

13

Mongolsk

᠑᠒᠓᠔᠕᠖᠗᠘᠙᠐

C50

850

1B

Japansk

一二三四五六七八九〇

411

1C

(finansielt)

壱弐参四伍六七八九〇

1D

(fullbreidde arabisk)

1234567890

1E

Kinesisk – forenkla

一二三四五六七八九○

804

1004, 7804

1F

(finansielt)

壹贰叁肆伍陆柒捌玖零

20

(fullbreidde arabisk)

1234567890

21

Kinesisk - tradisjonell

一二三四五六七八九○

C04

1404

22

(finansielt)

壹貳參肆伍陸柒捌玖零

23

(fullbreidde arabisk)

1234567890

24

Koreansk

一二三四五六七八九0

812

25

(finansielt)

壹貳參四伍六七八九零

26

(fullbreidde arabisk)

1234567890

27

Koreansk – Hangul

일이삼사오육칠팔구영


Kalender

Dei to neste teikna KK er for kalenderkode. Kvar kalender er gyldig berre for nokre LCID.

CC

Kalender

Eksempel (ÅÅÅÅ-MM-DD)

Støtta LCID

00

Gregoriansk

2016-08-31

Alle

03

Gengou

28-08-31

411 (japansk)

05

Ukjend

4349-08-31

Ikkje støtta

06 eller 17

Hijra

1437-11-28

401 (Arabisk - Saudi Arabia), 1401 (Arabisk - Algerie), 3c01 (Arabisk - Bahrain), 0c01 (Arabisk - Egypt), 801 (Arabisk - Irak), 2c01 (Arabisk - Jordan), 3401 (Arabisk - Kuwait), 3001 (Arabisk - Libanon), 1001 (Arabisk - Libya), 1801 (Arabisk - Marokko), 2001 (Arabisk - Oman), 4001 (Arabisk - Qatar), 2801 (Arabisk - Syria), 1c01 (Arabisk - Tunisia), 3801 (Arabisk - U.A.E.), 2401 (Arabisk - Yemen) og 429 (Farsi)

07

Buddhist

2559-08-31

454 (Lao), 41E (Thai)

08

Jødisk

5776-05-27

40D (hebraisk)

10

Indisk

1938-06-09

Ikkje støtta

0E, 0F, 11, 12 eller 13

Ukjend

2016-07-29

Ikkje støtta

Ikkje støtta

Hanja

412 (koreansk)

Ikkje støtta

ROC

0105-08-31

404 (kinesisk - Taiwan)


NatNum12-modifikator

For å skriva ut tal i ulike tal-, valuta- og datoformat, brukar du ein [NatNum12]-modifikator saman med dei valde argumenta i byrjinga av ein talformatkode.

Eksempel på vanleg bruk av NatNum12-formatering

Formateringskodar

Forklaring

[NatNum12]

Skriv ut som grunntal: 1 → ein

[NatNum12 ordinal]

Skriv ut som ordenstal: 1 → første

[NatNum12 ordinal-number]

Skriv ut som ordenstal: 1 → 1.

[NatNum12 capitalize]

Skriv ut ordenstal med stor førebokstav: 1 → Ein

[NatNum12 upper ordinal]

Skriv ut ordenstal med store bokstavar: 1 → FØRSTE

[NatNum12 title]

Skriv ut grunntal som overskrift: 101 → Hundreogein

[NatNum12 USD]

Skriv ut som ein pengesum i ein gjeven valuta definert med 3-bokstavars ISO-kode: 1 → éin US-dollar

[NatNum12 D=ordinal-number]D" "MMMM

Skriv ut som dato i formatet «1. mai»

[NatNum12 YYYY=title year,D=capitalize ordinal]D" of "MMMM, YYYY

Skriv ut som dato i formatet «1. mai nittenhundreognittini»


Andre moglege argument: "money" framføre 3-bokstavars valutakodar, for eksempel vil [NatNum12 capitalize money USD]0.00 formatere talet «1,99» som «Ein og 99/100 US-dollar».

Feilkodar

Dersom verdien er utføre grensene sett i det valde formatet, vert desse feilkodane viste:

#FMT

Støtt oss!