Tal / format

For å bruka denne funksjonen …

Vel fana Format → Akse → Y-akse → Tal (i diagram).


Kategori

Vel ein kategori frå lista. Vel deretter ein formateringsstil i Format-boksen.

Format

Vel korleis innhaldet i skal visast. Koden for den valde innstillinga vert vist i Formatkode.

Listeboksar med valutakategoriar

Vel ein valuta og rull opp til toppen av Format-lista for å sjå dei ulike alternativa for den valde valutaen.

note

Formatkoden til valutaar er på forma [$xxx-nnn], der xxx er valutasymbolet og nnn landskoden. Spesielle banksymbol, som EUR (for Euro), krev ikkje landskode. Valutaformatet er ikkje avhengig av språket som er valt i Språk-boksen.


Språk

Språkinnstillinga sikrar at dato- og valutaformata og desimal- og tusenskiljeteikna vert tekne vare på, sjølv når dokumentet vert opna i eit operativsystem som bruker ei anna språkinnstilling som standard.

Innstillingar

Vel innstillingane for det valde formatet.

Tal på desimalplassar

Skriv inn kor mange desimalplassar som skal visast.

Nemnarplassar

Med brøkformat, skriv inn kor mange plassar som skal visast for nemnaren.

Innleiande nullar

Skriv inn høgste talet på nullar som skal visast før desimalteiknet.

Negative tal i raudt

Endra fargen på negative tal til raudt.

Bruk tusenskilje

Set inn eit tusenskiljeteikn. Kva skiljeteikn som vert brukt, er avhengig av språkinnstillingane.

Teknisk notasjon

Med vitskapleg format vil teknisk notasjon sikra at eksponenten er ein multippel av 3

Formatkode

Viser koden til talformatet for det valde formatet. Du kan også skriva inn eit eige format. Desse alternativa er berre tilgjengelege for sjølvvalde talformat.

Legg til

Legg til koden for talformat du skreiv inn i den sjølvvalde kategorien.

Rediger kommentar

Legg til ein merknad til talformatet du har vald.

Slett

Slett talformatet du har merkt. Endringane vert tekne i bruk etter at du har starta LibreOffice på nytt.

Namnelinje

Skriv inn ein merknad for det valde talformatet og klikk på utsida av denne boksen.

Førehandsvis felt

Viser ei førehandsvising av det gjeldande utvalet.

Kodar for talformat: tilpassa formatkodar definert av brukaren.

Støtt oss!