LibreOffice 7.1 Hjelp
Vel den skrifta du vil bruka.
Vel farge på den merkte teksten. Om du vel Automatisk vert tekstfargen svart på lyse bakgrunnar og kvit på mørke.
For å endra fargen på tekst, merk teksten som du vil endra, og trykk på Skriftfarge. Du kan velja andre fargar med pila ved sida av Skriftfarge-knappen.
Viss du trykkjer på Skriftfarge-knappen før du merkjar tekst, vil malespannpeikaren vert viste. For å endra fargen på tekst, merkjar du teksten med malespannpeikaren. For å endra fargen på eit enkeltord, dobbeltklikkar du i ordet. For å bruka ein annan farge, trykk på pila ved sida av Skriftfarge-knappen, og vel fargen du vil bruka.
Høgreklikk for å angra den siste endringa.
For å stoppa å bruka malespannet, kan du anten klikka ein gong med musepeikaren, eller trykkja på Esc-tasten.
Tekstfargen vert sett vekk frå viss det er kryssa av for Utskrift i svart under LibreOffice Writer → Skriv ut i dialogvindauget Innstillingar.
Tekstfargen vert ignorert på skjermen viss avkryssingsboksen Bruk automatisk skriftfarge for skjermvisinga i LibreOffice → InnstillingarVerktøy → Innstillingar → LibreOffice - Tilgjenge.
Set gjennomsikta for teksten. 100 % betyr fullstendig gjennomsiktig, medan 0 % betyr full dekkevne.
Du kan ikkje setja gjennomsikt for avsnittsstil og teiknstil.
Vel den overstrekingsstilen du vil bruka. Kryss av for Enkeltord om du vil at berre ord skal overstrekast.
Vel farge for overstrekinga.
Vel overstrekingsstil for den markerte teksten.
Viss du lagrar dokumentet i Microsoft Word-format, vert alle gjennomstrekingar gjorde om til den enkeltstrekar.
Vel den understrekingsstilen du vil bruka. Kryss av for Enkeltord om du vil at berre ord skal verta understreka.
Viss du brukar understreking på ein tekst i heva skrift, vert understrekinga flytt opp til den heva skrifta. Viss den heva skrifta er ein del av eit ord i normal tekst, vert ikkje understrekinga heva.
Vel farge for understrekinga.
Bruk den valde effekten berre på ord og ikkje på mellomrom.
Vel skrifteffekten som skal brukast.
Følgjande effektar for store og små bokstavar er tilgjengelege:
Utan – ingen effekt vert brukt.
STORE.BOKSTAVAR – Endrar dei merkte små bokstavane til store bokstavar.
små.bokstavar – Endrar dei merkte store bokstavane til små bokstavar.
Bruk stor forbokstav i kvart ord – Endrar den første bokstaven i kvart av dei merkte orda til stor bokstav.
Små versalar – gjer dei merkte små bokstavane til store bokstavar og reduserer storleiken.
Gjer at det valde teiknet blinkar. Du kan ikkje endra blinkfrekvensen.
Gøymer dei merkte teikna. Skal du visa den gøymde teksten, må du sjå etter at er sett i menyen Vis. Du kan også bruka LibreOffice Writer → Formateringsstøtte og merka av for Gøymde teikn.
Vel ein relieff-effekt du vil leggja til teksten. Utheva vil få teikna til å sjå ut som om dei er heva over papiret. Vel du Utskore vil det sjå ut som om teikna er pressa ned i papiret.
Viser omrisset av det valde teiknet. Denne effekten verkar ikkje for alle skrifttypane.
Legg ein skugge under og til høgre for det valde teiknet.
Vel kva teikn som skal brukast over eller under heile den markerte teksten.
Vel kor aksentteiknet skal plasserast.