TeiknSkrift
Vel kva format og skrift du vil bruka.
Endringane vert brukt til det merkte området, til heile ordet som markøren står i eller til ny tekst som du skriv inn.
Avhengig av språkinnstillingane kan du endra formateringa for desse skrifttypane:
-
Vestlig skrift, latinske teiknsett.
-
Asiatisk skrift, kinesisk, japansk eller koreansk teiknsett.
-
Skrift for kompleks tekst (CTL), frå høgre til venstre-skriveretning
For å slå på støtte for kompleks tekstutforming (CTL) og asiatisk teiknsett, vel LibreOffice → InnstillingarVerktøy → Innstillingar → Språkinnstillingar → Språk og vel feltet På i det tilhøyrande området.
Skrift
Skriv inn namnet på den av dei installert skriftene du ønskjer å bruka, eller vel frå lista.
Skriftsnitt
Vel formateringa du vil bruka.
Storleik
Skriv inn eller vel den skriftstorleiken du vil bruka. Ved skalerbare skrifter kan du også bruka desimaltal.
Viss du opprettar ein stil som er basert på ein annan stil, kan du skriva inn ein prosentverdi eller ein punktverdi (for eksempel -2pt eller +5pt).
Språk
Bestemmer kva språk stavekontrollen skal bruka for den markerte teksten eller teksten du skriv inn. Tilgjengelege språkmodular er merkte med ein hukk.
Viss språklista er ein kombinasjonsboks som kan redigerast, kan du skriva inn ein gyldig BCP 47 språkkode viss språket du vil bruka ikkje er i lista.
Du finn meir om språkkodene i avsnittet For users på nettsida langtag.net.
Du kan også endra dei lokale innstillingane for celler (vel Format → Celler → Tal).