LibreOffice 24.8 Hjelp
Fjernar direkte formatering frå utvalet.
Direkte formatering er formatering utan bruk av stilar, for eksempel halvfeit skrift som er lagd på med Halvfeit-knappen.
Stilar som er i bruk (avsnitt, teikn og andre typar) vert ikkje påverka av Fjern direkte formatering berre når direkte formatering vert brukt på toppen av stilane. Viss du vil fjerna formatering brukt av teikn eller avsnitt, brukar du den tilsvarande standardstilen på nytt.
For å stoppa bruk av direkte formatering, som for eksempel understreking, medan du skriv ny tekst på slutten av ei linje, trykkjer du Shift + Ctrl + X.
Punktmerking og nummerering er eigenskapar for lister. Fjern direkte formatering fjernar ikkje direkte formaterte punktmerkingar og nummereringar som finst i eit avsnitt. Viss du vil fjerna punktmerkinga og nummereringa som som vert brukt direkte på eit avsnitt, bruk ikona Slå usortert liste av/på, Slå sortert liste av/på eller Inga liste på formateringsverktøylinja.