LibreOffice 25.2 Hjelp
Set inn ei flytande ramme i det gjeldande dokumentet. Flytande rammer vert brukte i HTML-dokument for å visa innhaldet i ei anna fil.
Viss du vil laga HTML-sider som brukar flytande rammer, kan du velja → Last inn / lagra → HTML-kompatibilitet og deretter velja «Microsoft Internet Explorer». Den flytande ramma vert då sett inn med taggane <IFRAME> og </IFRAME>.