Set inn OLE-objekt

Set inn eit OLE-objekt i dokumentet. OLE-objektet vert sett inn som eit lenkja eller eit innebygd objekt.

For å bruka denne funksjonen …

Frå menylinja:

Vel Set inn → OLE-objekt → QLE-objekt.

Frå brukargrensesnittet med faner:

Vel Set inn → Set inn QLE-objekt.

Frå verktøylinjer:

Ikon OLE-objekt

OLE-objekt


note

Du kan ikkje bruka utklippstavla eller dra og slepp for å flytta OLE-objekt til andre filer.


Tomme og inaktive OLE-objekt er gjennomsiktige.

Opprett nytt

Opprettar eit OLE-objekt med den objekttypen du vel.

Objekttype

Vel kva type dokument du vil oppretta.

Opprett frå fil

Lagar eit OLE-objekt frå ei eksisterande fil.

Fil

Vel fila som du vil setja inn som eit OLE-objekt.

Fil

Skriv inn namnet på fila du vil lenkja til eller byggja inn, eller trykk Søk og leit fram fila.

Søk …

Finn den fila du vil setja inn og klikk deretter på Opna.

Lenkje til fil

Kryss av i denne boksen for å setja inn OLE-objektet som ei lenkje til den opphavlege fila. Viss det ikkje er kryssa av for denne boksen, vert OLE-objektet bygd inn i dokumentet.

Støtt oss!