Bilete

Opnar eit dialogvindauge for val av filer for å setja inn eit bilete i det gjeldande dokumentet.

For å bruka denne funksjonen …

Frå menylinja:

Vel Set inn → Bilete.

Frå verktøylinjer:

Ikonet Bilete

Bilete


Setja inn, redigera, lagra punktgrafikkbilde

Fildialogar – for eksempel Opna, Lagra som og liknande – er tilgjengeleg på to ulike måtar:

Bruk LibreOfficeGenerelt for å skifta frå det eine til det andre.

Mappeval

Plukk den mappa du vil ha frå nedtrekkslista eller skriv inn stinamnet. Du kan bruka funksjonen Autofullfør for å gjera det enklare å skriva.

Bruk dialogvindauget Filtenester for å kopla deg til ein tenar.
Vel ei overordna mappe frå mappestien med Ikon opne.

Legg ei undermappe til gjeldande mappe med Lag ei ny mappe.

Filnamn

Skriv inn eit filnamn eller ein sti til fila. Du kan også skriva inn ei internettadresse.

Filtype

Vel kva filformat du vil lagra dokumentet i. Berre dokument av denne filtypen vert viste i visingsområdet. Filtypane er forklarte i Informasjon om import- og eksportfilter.

Lenkje

Set inn den merkte grafikkfila som ei lenkje.

Førehandsvising

Førehandsvis det valde biletet.

Førehandsvis felt

Viser ei førehandsvising av det gjeldande utvalet.

Støtt oss!