LibreOffice 7.1 Hjelp
Gjer at brukaren kan setja inn teikn frå eit område med symbol funne i dei installerte skrifttypane.
Når du klikkar på eit teikn i dialogvindauget Spesialteikn, vert det vist ei førehandsvising av teiknet og den tilhøyrande talkoden.
Vel ei skrift for å visa dei spesialteikna som er knytt til den.
Vel ein Unicode-kategori for den gjeldande skrifta. Spesialteikna for den valde Unicode-kategorien vert vist i teikntabellen.
Vel dei spesialteikna du vil setja inn og trykk Set inn.
Viser spesialteikna som har vore brukte tidlegare.
Viser spesialteikna som vart valde med knappen Legg til i favorittar. Du kan lagra opp til 16 spesialteikn som favorittar.
Dobbeltklikk på eit spesialteikn for å setja det inn i dokumentet.