LibreOffice 7.3 Hjelp
Forminskar eller forstørrar skjermvisinga av LibreOffice. Gjeldande forstørring vert vist som ein prosentverdi på statuslinja.
Skalering vert handtert ulikt under Unix, Linux og Windows. For eksempel vert eit dokument som er lagra med skaleringsfaktoren «100 %» i Windows, vist større i Unix og Linux. For å endra skaleringsfaktoren, kan du dobbeltklikka eller høgreklikka prosentverdien på Statuslinja og deretter velja kva skaleringsfaktor du vil bruka.
Vel skaleringsfaktor for det gjeldande dokumentet og alle dokumenta av same type som du seinare måtte opna.
Tilpassar storleiken på visinga av det merkte celleområdet straks kommandoen byrjar. Tilpassar visinga slik at ho passar med breidda på dokumentet straks kommandoen byrjar.
Tilpassar visinga slik at ho passar høgda og breidda på det merkte celleområdet straks kommandoen byrjar.Viser heile sida på skjermen.
Viser heile dokumentbreidda. Det kan henda at toppen og botnen av sida ikkje vert synleg.
Viser dokumentet i full storleik.
Her kan du bestemma kor mange prosent av vanleg storleik dokumentet skal visast i. Trykk her og skriv inn ein prosentverdi i boksen.
Du kan velja korleis tekstdokument skal visast. Reduser skaleringa for å sjå verknaden når ulike innstillingar for vising vert brukte.
Når du vel «Automatisk», vil fleire sider verta viste ved sida av kvarandre med så mange sider som skaleringa tillet.
Når du vel «Enkeltsider», vert den neste sida vist under den førre, men aldri side om side.
Når du vel «Kolonnar», vert sidene viste ved sida av kvarandre i så mange kolonnar som er oppgjevne. Skriv inn kor mange kolonnar du vil bruka.
Når du vel «Bokmodus», vert to sider viste ved sida av kvarandre, på same måten som i ei ope bok. Den første sida vert vist til høgre, med eit oddetal som sidenummer.