LibreOffice 25.2 Hjelp
Set inn, slettar, endrar og organiserer oppføringar i litteraturdatabasen.
Viss felta i databasen er skriveverna, må du passa på at datakjeldevisinga er lukka.
Den litteraturdatabasen som følgjer med, inneheld eksempeloppføringar med bøker.
Bruk verktøylinja for å velja ein tabell i litteraturdatabasen, for å søkja etter postar eller for å sortera postane med filter.
Trykk asteriskknappen (*) nedst i tabellvisinga for å laga ein ny post. Då vert det lagt til ei tom rad ved slutten av tabellen.
Du kan finna postar ved å søkja etter eit nøkkelord i felta.
Skriv inn informasjonen du vil søkja etter og trykk Enter. Hald inne Autofilter-knappen og vel eit anna datafelt for å endra filterinnstillingane for søket. Du kan bruka jokerteikn som % eller * for fleire teikn og _ eller ? for eitt teikn i søket ditt. Fjern krysset i denne boksen og trykk Enter for å visa alle postane i tabellen.
Hald knappen inne for å velja i kva for datafelt du vil søkja etter teksten du skreiv inn i søkjestreng-feltet. Du kan berre søkja i eitt datafelt.
Lista over tabellpostar vert oppdatert automatisk etter dei nye filterinnstillingane.
Bruk Standardfilteret til å forbetra og kombinera søkjeinnstillingane for Autofilter.
For å visa alle postane i ein tabell, klikkar du på ikonet Nullstill filter.
Du slettar ein post i tabellen ved å høgreklikka på radoverskrifta til posten og så velja Slett.
Vel datakjelda for litteraturdatabasen.
Let deg lenkja kolonneoverskriftene til datafelt frå ei anna datakjelde. Trykk Datakjelde-knappen på verktøylinja for objektpostar om du vil velja ei anna datakjelde for litteraturlista.
Vel datafeltet som du vil lenkja til det gjeldande kolonnenamnet. Vel ei anna datakjelde til litteraturlista for å endra dei tilgjengelege datafelta.