Liste

Godta eller forkast enkeltendringar.

For å bruka denne funksjonen …

Choose Edit - Track Changes - Manage - List tab.

Choose Tools - AutoCorrect - Apply and Edit Changes. The AutoCorrect dialog appears.
Click the Edit Changes button and navigate to the List tab.


Alle dei registrerte endringane i det gjeldande dokumentet vert viste i fana Liste. Viss du vil filtrere lista, kan du gå til fana Filter og velja filterkriteria.

Valfelt

Viser endringane som er registrerte i dokumentet. Når du markerer ei oppføring i lista, vil endringa verta utheva i dokumentet. Klikk ei kolonneoverskrift for å sortera lista. Du kan velja fleire oppføringar i lista ved å halda nede medan du klikkar.

tip

For å redigera kommentaren til ei oppføring i lista, høgreklikk på oppføringa og vel Rediger → Kommentar.


Etter at du har godteke eller avvist ei endring, vert oppføringane i lista sorterte på nytt etter «godteke»- eller «avvist»-status.

Handling

Listar ut endringane som er gjort i dokumentet.

Forfattar

Viser brukaren som gjorde endringane.

Dato

Viser tidspunktet då endringane vart gjort.

Kommentar

Viser merknadane som er lagt til endringa.

Godta

Godta den valde endringa og fjernar markeringa av henne.

Avvis

Avviser den valde endringa og fjernar markeringa av henne.

Godta alle

Godtar alle endringane og fjernar uthevingane frå dokumentet.

Avvis alle

Forkastar alle endringane og fjernar uthevingane frå dokumentet.

Det er fleire kommandoar i sprettoppmenyen til lista:

Rediger kommentar

Rediger merknaden til den valde endringa.

Sorter

Sorterer lista etter kolonneoverskriftene.

Handling

Sorterer lista i høve til endringstype.

Forfattar

Sorterer lista etter forfattar.

Dato

Sorterer lista etter tidspunkt.

Kommentar

Sorterer lista i høve til merknadane som er lagt til i endringane.

Dokumentposisjon

Sorterer lista nedover ut frå plasseringa til endringane i dokumentet. Dette er standard sorteringsmetode.

Støtt oss!