LibreOffice 24.8 Hjelp
Viser eller gøymer lagra endringar.
Du kan endra kva som skal visast i endringane ved å velja LibreOffice Writer → Endringar LibreOffice Calc → Endringar i dialogvindauget for Innstillingar.
Viss du kviler musepeikaren over ei markering av ei endring i dokumentet, viser ein Tipstekst forfattar og dato for endringa. Viss Utvida tips er slått på, vil òg typen endring og eventuelle kommentarar verta viste.
Vis eller gøym registrerte endringar.
Filtrerer lista over endringar etter tidspunktet du vel.
Skriv inn gjeldande dato og tidspunkt i boksane.
Filtrerer lista over endringar ut frå namnet på forfattaren du vel frå lista.
Filtrerer lista over endringar i høve til det spesifiserte celleområdet. Du merkjer eit celleområde i arket ved å trykkja på knappen Set referanse (…).
Vel det celleområdet du vil bruka som eit filter og trykk så på denne knappen for å gå tilbake til filterlista.
Filtrerer lista over endringar i høve til kva slag endringar du har vald i Handling.
Filtrerer merknadane til endringane ut frå stikkorda du skriv inn.
Du kan òg bruka regulære uttrykk (jokerteikn) når du filtrerer kommentarane.
Vis eller gøym godtekne endringar.
Vis eller gøym avviste endringar.
Kommandoane nedanfor er berre tilgjengelege i verktøylinja Spor endringar.
Standard. Innsetjingar og slettingar vertt viste i innhaldet i høve til innstillingane i LibreOffice → InnstillingarVerktøy → Innstillingar - LibreOffice Writer → Endringar.
Vis det sletta innhaldet i margen. Innsetjingar vert viste i innhaldet.
Vis det innsette innhaldet i margen. Slettingar vert viste i teksten.