Biletkartredigering

Lèt deg laga eit biletkart med lenkjeområde (hotspots) i eit bilete eller ei gruppe av bilete. Eit biletkart er eit bilete med ulike område som kan lenkjast til kvar sine adresser.

For å bruka denne funksjonen …

Frå menylinja:

Vel Verktøy → Biletkart.

Frå brukargrensesnittet med faner:

Vel Biletkart i fana Bilete i menyen Bilete.

Frå verktøylinjer:

Ikon Biletkart

Biletkart


Leggja til klikkbare område i bilete

Du kan teikna tre slags lenkjeområde: rektangel, ellipsar og mangekantar. Når du trykkjer på eit lenkjeområde, vert nettadressa opna i nettlesarvindauget eller i ramma du vel. Du kan òg velja teksten som skal vistast når musepeikaren er på lenkjeområdet.

Bruk

Ta i bruk endringar du har gjort på biletkartet.

Ikon Bruk

Bruk

Opna

Opna ei biletkart-fil av typen MAP-CERN, MAP-NCSA eller SIP StarView.

Ikon Opna

Opna

Lagra

Lagra biletkartet i filformatet MAP-CERN, MAP-NCSA eller SIP StarView.

Ikon Lagra

Lagra

Vel

Vel eit lenkjeområde på biletet for å endra på det.

Ikon Vel

Vel

Rektangel

Teiknar eit rektangulært lenkjeområde der du dreg i grafikken. Deretter kan du skriva inn Adressa og tekstalternativet for aktiveringspunktet og deretter velja ramma du vil at URL-en skal opnast i.

Ikon Rektangel

Rektangel

Ellipse

Teiknar eit elliptisk lenkjeområde der du dreg i grafikken. Deretter kan du skriva inn Adressa og tekstalternativet for aktiveringspunktet og deretter velja ramma du vil at URL-en skal opnast i.

Ikon Ellipse

Ellipse

Mangekant

Teiknar eit polygonalt lenkjeområde i grafikken. Klikk på dette ikonet, dra inn grafikken og klikk deretter for å definere éi side av polygonet. Flytt til der du vil plassere slutten av neste side og klikk. Gjenta til du har teikna alle sidene av polygonet. Når du er ferdig, dobbeltklikkar du for å lukka polygonet. Deretter kan du skriva inn Adressa og tekstalternativet for aktiveringspunktet og deretter velja ramma du vil at URL-en skal opnast i.

Ikon Polygon

Mangekant

Frihandsmangekant

Teiknar eit lenkjeområde som er basert på ein fritt utforma polygon. Klikk på dette ikonet og flytt dit du vil teikna lenkjeområdet. Dra ei friformslinje og slepp for å lukka forma. Deretter kan du skriva inn Adressa og tekstalternativet for aktiveringspunktet og deretter velja ramma du vil at URL-en skal opnast i.

Ikon Frihands-polygon

Frihandsmangekant

Rediger punkt

Lèt deg endra forma på det valde lenkjeområdet ved å endra festepunkta.

Ikon Punktredigering

Rediger punkt

Flytt punkt

Lèt deg flytta på festepunkta i det valde lenkjeområdet.

Ikon Flytt punkt

Flytt punkt

Set inn punkt

Legg til eit festepunkt der du trykkjer på omrisset av lenkjeområdet.

Ikon Set inn punkt

Set inn punkt

Slett punkt

Slett det valde ankerpunktet.

Ikon Slett punkt

Slett punkt

Valde

Skrur av eller på lenkinga av lenkeområda du har valt. Eit inaktivt lenkje-område er gjennomsiktig.

Ikon Aktiv

Makro

Lèt deg velja ein makro som skal køyra når du trykkjer på lenkjeområdet i ein nettlesar.

Ikon Makro

Makro

Eigenskapar

Let deg endra på eigenskapane til lenkje-området du har vald.

Ikon Eigenskapar

Eigenskapar

Adresse:

Skriv inn adressa til fila som skal opnast når det vert trykt på det valde lenkjeområdet. Viss du vil gå til eit anker i dokumentet, må adressa vera utforma på denne måten: «"file:///C:/Dokument/dokument_namn#anker_namn».

Tekstalternativ

Teksten du skriv inn her vert vist når du flyttar musepeikaren over lenkjeområdet i nettlesaren. Om du ikkje skriv inn nokon tekst, vert adressavist.

Ramme:

Skriv inn namnet på målramma som du vil opna nettadressa i. Du kan òg velja eit standardnamn for ramma frå lista.

Liste over rammetypar

Biletvising

Viser biletkartet, slik at du kan klikka og redigera lenkjeområda.

Støtt oss!